Etter å ha fått stang ut på det meste dei har rekna på det siste året, har Stordal-bedrifta hatt fleire fulltreffarar no på seinhausten som sikrar full sysselsetting av alle 80 tilsette fram til sommarferien neste år.
Adm. dir. Rolf Anders Haaberg er glad for at dei no kan senke skuldrane litt, ha full fokus på drifta og styre bemanninga på ein mest muleg arbeidseffektiv måte.
- Det er i alle fall halvtanna år sidan sist vi var i ein tilsvarande god ordresituasjon, seier han.
- Totalt sett har vi nok rekna på prosjekt for ein halv milliard kroner i løpet av året, men som regel har vi hamna som nummer to. Difor er det godt å vite at vi har fått valuta for innsatsen og at vi kan sjå lyst på det komande året, seier han.
Haaberg fortel at på eitt av stang-ut-prosjekta fekk dei likevel utteljing då Busengdal blei valt som underentreprenør for Mesta på rassikring av E136 Dolsteinsfonna og Fantebrauta i Rauma. I tillegg til utleige av maskinar og folk skal Busengdal si dotterbedrift på Gjermundnes levere og transportere all naturmurstein og ferdigmasse til det same prosjektet.
- Dette oppdraget vil gi positive ringverknader for drifta vår på Gjermundnes, i tillegg til at får mykje å bety for utnyttinga av transportkapasiteten vår det komande året, seier han.
I tillegg til at eigen transportkapasitet blir nytta fullt ut, vil Busengdal måtte gå til innleige av transportutstyr for å handtere den førestånde oppdragsmengda.
Dei to Rauma-kontraktane med Mesta vil ha ein samla verdi på 18 millionar kroner.
Siste kontrakten var Haaberg i Oslo og signerte tidlegare denne veka etter at Stordal-bedrifta hadde den beste prisen på eit større utbyggingsoppdrag i nabobygda Vaksvika. Her skal Busengdal stå for alt grunnarbeidet i samband med utbygginga av Vaksvik kraftverk i regi av Clemets kraft.Arbeidet i Vaksvika skal starte alt no i desember, og med ein kontraktspris på 24 millionar kroner er dette det største enkeltoppdraget som Busengdal har sikra seg den siste tida.
- Med to kontraktar på til saman førti millionar kroner må Haaberg vedgå at siste veka i november blei ei særs innbringande veke for Busengdal Transport.
Gjenoppstart av aktiviteten nærmar seg også på Vigra, der Busengdal har hatt ansvaret for all rørhandtering sidan rørproduksjonen ved spolebasen til Subsea7 kom igang.
No er det røra til ferdigstilling av Wintershall-Maria som skal produserast. Mottaket av 2000 rør vil starte opp i midten av januar, og ifølgje Haaberg er det duka for meir eller mindre full drift med to skift på basen framover til 17. mai.
- Når vi også skal stå for opparbeiding av ny infrastruktur og tekniske anlegg til 27 bueiningar i Fremmerholen, er det klart at vi står framfor ein vinter og vår med hektisk aktivitet og stor variasjon i oppdragsmengda, seier han.
Adm. dir. Rolf Anders Haaberg er glad for at dei no kan senke skuldrane litt, ha full fokus på drifta og styre bemanninga på ein mest muleg arbeidseffektiv måte.
- Det er i alle fall halvtanna år sidan sist vi var i ein tilsvarande god ordresituasjon, seier han.
Valuta for rekneinnsatsen
Haaberg seier dei har fått føle prispresset i marknaden, og prosjekta som no er dregne iland er komne etter mykje rekning over lengre tid.- Totalt sett har vi nok rekna på prosjekt for ein halv milliard kroner i løpet av året, men som regel har vi hamna som nummer to. Difor er det godt å vite at vi har fått valuta for innsatsen og at vi kan sjå lyst på det komande året, seier han.
Haaberg fortel at på eitt av stang-ut-prosjekta fekk dei likevel utteljing då Busengdal blei valt som underentreprenør for Mesta på rassikring av E136 Dolsteinsfonna og Fantebrauta i Rauma. I tillegg til utleige av maskinar og folk skal Busengdal si dotterbedrift på Gjermundnes levere og transportere all naturmurstein og ferdigmasse til det same prosjektet.
- Dette oppdraget vil gi positive ringverknader for drifta vår på Gjermundnes, i tillegg til at får mykje å bety for utnyttinga av transportkapasiteten vår det komande året, seier han.
I tillegg til at eigen transportkapasitet blir nytta fullt ut, vil Busengdal måtte gå til innleige av transportutstyr for å handtere den førestånde oppdragsmengda.
Dei to Rauma-kontraktane med Mesta vil ha ein samla verdi på 18 millionar kroner.
Nitti millionar kroner
Etter dei nye signeringane består ordreboka til Busengdal i dag av fleire større og mindre prosjekt med ein samla verdi på rundt nitti millionar kroner.Siste kontrakten var Haaberg i Oslo og signerte tidlegare denne veka etter at Stordal-bedrifta hadde den beste prisen på eit større utbyggingsoppdrag i nabobygda Vaksvika. Her skal Busengdal stå for alt grunnarbeidet i samband med utbygginga av Vaksvik kraftverk i regi av Clemets kraft.Arbeidet i Vaksvika skal starte alt no i desember, og med ein kontraktspris på 24 millionar kroner er dette det største enkeltoppdraget som Busengdal har sikra seg den siste tida.
- Med to kontraktar på til saman førti millionar kroner må Haaberg vedgå at siste veka i november blei ei særs innbringande veke for Busengdal Transport.
Ny drift på Digerneset og Vigra
I tillegg til dei nye oppdraga er maskinane til Busengdal komne igang igjen etter to års pause med opparbeidinga av Digerneset næringspark. I denne omgangen er det bortsprenging av 150.000 kubikk som skal tilføre næringsparken nytt areal.Gjenoppstart av aktiviteten nærmar seg også på Vigra, der Busengdal har hatt ansvaret for all rørhandtering sidan rørproduksjonen ved spolebasen til Subsea7 kom igang.
No er det røra til ferdigstilling av Wintershall-Maria som skal produserast. Mottaket av 2000 rør vil starte opp i midten av januar, og ifølgje Haaberg er det duka for meir eller mindre full drift med to skift på basen framover til 17. mai.
- Når vi også skal stå for opparbeiding av ny infrastruktur og tekniske anlegg til 27 bueiningar i Fremmerholen, er det klart at vi står framfor ein vinter og vår med hektisk aktivitet og stor variasjon i oppdragsmengda, seier han.
Totalt sett har vi nok rekna på prosjekt for ein halv milliard kroner i løpet av året
Publisert: 01.12.2016 05:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04