26 personar har arbeidsplassen sin hos nettbokhandelen Haugenbok.no i Volda.
No vurderer eigaren, forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen, organiseringa av logistikken i heile konsernet. Det kan få konsekvensar i Volda.
No ser konsernet på organiseringa av logistikken i heile konsernet.
Kva som kjem ut av vurderinga er for tidleg å svare på, i følgje dagleg leiar Lars Ove Hammer i Haugenbok.no. Han ventar at selskapet vil konkludere i løpet av våren.
I 2014 kom bedrifta på andreplass hos Norsk Kundebarometers måling av kva for bedrifter kundane er mest nøgde med. I 2015 klatra nettbokhandelen heilt til topps.
Det er Handelshøgskulen BI som kvart år gjennomfører undersøkinga Norsk Kundebarometer, der over 9000 forbrukarar er spurt om kva dei meiner om 186 ulike bedrifter frå rundt 30 bransjar.
No vurderer eigaren, forlagshuset Vigmostad & Bjørke i Bergen, organiseringa av logistikken i heile konsernet. Det kan få konsekvensar i Volda.
To sentralar
Vigmostad & Bjørke kjøpte familieeigde Haugenbok.no i 2012, og eig også mellom anna den akademiske bokhandelen Akademia. Distribusjonen ut til kundane for nettbok-handelen i konsernet er styrt frå Volda, medan distribusjonen ut til bokhandlarar er styrt ut frå Bergen.No ser konsernet på organiseringa av logistikken i heile konsernet.
Kva som kjem ut av vurderinga er for tidleg å svare på, i følgje dagleg leiar Lars Ove Hammer i Haugenbok.no. Han ventar at selskapet vil konkludere i løpet av våren.
Godt likt
Haugenbok.no har dei siste åra plassert seg heilt i toppskiktet blant godt likte norske bedrifter.I 2014 kom bedrifta på andreplass hos Norsk Kundebarometers måling av kva for bedrifter kundane er mest nøgde med. I 2015 klatra nettbokhandelen heilt til topps.
Det er Handelshøgskulen BI som kvart år gjennomfører undersøkinga Norsk Kundebarometer, der over 9000 forbrukarar er spurt om kva dei meiner om 186 ulike bedrifter frå rundt 30 bransjar.
Publisert: 26.02.2016 15:58
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:53