Havila capella ladetårn trondheim foto kjetil 11
MÅ VENTE: Havila Capella har fått dispensasjon frå sanksjonane, men reiarlaget må framleis vente på at også forsikringselskapa får ein tilsvarande dispensasjon. Foto: Kjetil Haanes.
Nytt

Havila Capella får dispensasjon

Havila Kystruten-skipet får dispensasjon frå sanksjonane i seks månadar. Ventar på svar frå forsikringselskap.

26.04.2022

- Det er selvsagt svært gledelig for oss at Utenriksdepartementet har gitt oss en dispensasjon fra sanksjonsforskriften. Det betyr at skipet nå ikke er sanksjonert, siden vi ikke opererer i strid med noen gjeldende sanksjoner, seier administrerende direktør Bent Martini i Havila Kystruten i ei pressemelding.

Les børsmelding her

Havila Kystruten og konkurenten Hurtigruten deler på å trafikkere gods- og passasjerskipsruta Bergen - Kirkenes. Havila Kystruten skal trafikkere strekninga med fire skip.

Havila Capella vart liggande ved kai i Bergen etter at det statseigde russiske finansieringsselskapet GTLK blei omfatta av dei vestlege sanksjonane mot Russland på grunn av at Russland starta krig mot Ukraina.

Havila Capella er eigd av eit datterselskap av GTLK, som leasar skipet attende til Havila Kystruten. Det gjorde at også Havila Capella vart omfatta av sanksjonane, og ikkje fekk den forsikringsdekninga skipet må ha.

Ventar på forsikringssselskap
Dispensasjonen frå Utanriksdepartement omfattar ikkje krav til forsikringselskap. Skal Havila Capella settast i drift igjen må også forsikringsselskap få dispensasjon frå sanksjonstiltaka.

- Med beslutningen til Utenriksdepartementet håper vi på en positiv tilbakemelding fra forsikringsselskapene og at de søker dispensasjon. Slik vi tolker det bør det være mulig å få denne dispensasjonen. Vi har full forståelse for at forsikringsselskapene må gjøre sine vurderinger, men vi håper de vil gjeninnsette forsikringsdekningen vår slik at Havila Capella så snart som mulig kan gjenoppta sine seilinger langs norskekysten. seier Martini i pressemeldinga.

Treng ny finansiering
Alle fire skipa til Havila Kystruten skulle etter planen finansierast av GTLK. To skip skulle finansierast gjennom datterselskap av GTLK i Hong Kong, to gjennom datterselskap i Irland. Alle skulle leigast attende til Havila Kystruten i inntil ti år.

Havila Kystruten har fått på plass ei mellombels finansiering at skipet Havila Castor. Det er på veg frå Tersan Shipyard i Tyrkia til Bergen. Dei to siste skipa skal leverast seinare i år.

Målet til Havila Kystruten er å skaffe ei ny og varig finansiering av alle fire skipa, slik at selskapet ikkje lenger har band til GTLK.

Sævikfamiliens holdingselskap, Havila Holding, eig 60,42 prosent av aksjane i Havila Kystruten.

Havila Kystruten vart børsnotert i august 2021.

Havila Holding eig 33,34 prosent i Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 26.04.2022 09:25

Sist oppdatert: 26.04.2022 10:14

Mer om