Bent martini omvisning havila capella foto kjetil 11
INGEN RUNDTUR LAURDAG: Havila Kystruten-sjef Bent Maritini beklagar kanselleringa til passasjerane. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Kansellerer ny rundtur

– Det er framleis ein uløyst situasjon, opplyser Havila Kystruten.

Marius Rosbach
21.04.2022

Havila Kystruten ser seg nøyd til å kansellere neste seglas Bergen-Kirkenes. Det opplyser reiarlaget i ei børsmelding torsdag.

NETT NO skreiv tidleg torsdag at tidspunktet for ei kansellering nærma seg for kvar time utan eit svar frå styresmaktene. Midt på dagen kom meldinga om at reiarlaget droppar turen som var meint å starte laurdag.

Aksjekursen droppa på børs
Kort tid etterpå droppa aksjekursen på Oslo børs. Ved 13-tida var nedgangen på 5,8 prosent, men i løpet av kort tid henta aksjen seg litt tilbake.

Aksjekursen har dei siste dagane halde seg oppe, til trass for utfordringane Herøy-reiarlaget har møtt.

– Framleis ein uløyst situasjon

Reiarlaget beklagar kanselleringa til passasjerane og forsikrar at dei gjer alt dei kan for å få skipet i drift.

– Det er framleis ein uløyst situasjon knytt til forsikringa av Havila Capella. Selskapet er derfor tvungne til å kansellere den neste rundturen, av omsyn til passasjerar som reiser til Norge før dei går om bord i skipet, heiter det i meldinga.

Det er framleis ein uløyst situasjon knytt til forsikringa av Havila Capella
Havila Kystruten

Ramma av sanksjonar
Kystruteskipet har vore til kai i Bergen sidan rundturen 12. april blei stoppa.

Dei fire skipa til Havila Kystruten er finansierte av det russiske selskapet FTLK, og vart dermed ramma av sanksjonane mot Russland etter invasjonen i Ukraina.

Den konkrete årsaka til at skipet førebels må ligge til kai, er manglande forsikring.

Reiarlaget har opplyst at det langsiktige målet er å bryte alle band med det russiske selskapet. Selskapet treng 4 milliardar kroner for å refinansiere dei fire skipa.

Publisert: 21.04.2022 12:44

Sist oppdatert: 21.04.2022 13:41

Mer om