Havila Kystrute skip innfelt bernt martini illustrasjon foto havyard havila kystruten 11
NY TOPPSJEF: Bent Martini er ny administrerande direktør, som følgje av at Arild Myrvoll skal slutte. Foto: Havila Kystyruten
Nytt

Tidlegare Hurtigruten-topp ny toppsjef hos Kystruten

Gjekk av i Hurtigruten etter smitteskandale. Startar hos Havila Kystruten i august.

06.05.2021

Martini gjekk i fjor haust av som driftsdirektør i Hurtigruten etter smitteskandalen der 71 personar om bord i MS Roald Amundsen fekk påvist koronasmitte.

Hurtigruten fekk mykje kritikk for handteringa av situasjonen, og Hurtigruten og Martini vart til slutt samde om at han skulle fråtre sin stilling som COO og administrerande direktør og styreleiar for Hurtigruten Cruise med permanent virkning frå 9. oktober 2020.

No overtar Martini som toppsjef for Havila Kystruten, og overtar roret etter Arild Myrvoll, som i april sa opp stillinga og opplyste at han hadde fått eit jobbtilbod i eit så spennande selskap at han ikkje kunne seie nei.

Skal pendle frå Asker
Styreleiar i Havila Kystruten, Per Sævik, seier i ei pressemelding seg glad for å ha fått på plass ein ny leiar med dei kvalifikasjonar og kompetanse som trengst for å ta selskapet vidare.

- Vi hadde fleire sterke kandidatar, og er glade for å kunne ønskje Bent Martini velkomen og med på laget. Han har erfaring og kjenner bransjen samtidig som han er nytenkande og har levert gode resultat både innan organisjons- og teknologiutvikling.

Det vert vist til at Martini har brei og relevant erfaring frå maritim verksemd både på sjø og land med bakgrunn frå Forsvaret, Klaveness-reiarlaget og Hurtigruten.

Han er pålagt karantene frå tidlegare arbeidsgivar, og startar hos Havila Kystruten 9. august.

Martini er busett i Asker og skal vekependle til Fosnavåg og hovudkontoret til Havila Kystruten.

- Ein draumejobb
Bent Martini seier han ser fram til å starte i Havila Kystruten.

- Å få arbeide med eit nytt og spennande selskap som Havila Kystruten og vidareutvikle den tradisjonsrike kystreisa, det ser eg på som ein draumejobb.

Havila Kystruten har avtale med Samferdselsdepartementet om fire av dei elleve seglingane på kystreisa mellom Bergen og Kirkenes. Havila bygger fire nye og miljøvenlege passasjerskip som skal trafikkere strekninga. Dei to første kjem i løpet av sommaren og dei to neste i andre kvartal 2022.

Nyleg vart det klart at dei to første skipa er forseinka.

Publisert: 06.05.2021 09:43

Sist oppdatert: 05.06.2021 10:47

Mer om