Per sævik havila capella på dekk foto kjetil 11
JOMFRUSEGLAS: Per Sævik om bord på jomfruturen til det første skipet Havila Capella. Snart skal Havila Kystruten sette skip nummer tre i drift. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Børsdagen: Jobbar med å løyse ut neste skip

Kystruten håpar å rekke første seglas i slutten av desember. Reiarlaget var dagens tapar på raud børs.

Marius Rosbach
07.12.2022

Saka blir oppdatert

Havila Kystruten-aksjen blei sendt ned 13,64 prosent til 17,10 kroner onsdag. Reiarlaget blei dermed dagens soleklare tapar av børsnoterte selskap frå Nordvestlandet.

Utviklinga skjedde på lågt volum og det er ikkje sendt ut noko meldingar frå selskapet.

Elles var det mykje som endte i raudt i aksjemarknaden. Berre fire av 16 aksjar frå regionen auka i verdi onsdag (sjå tabell under).

Sævik på tur til Tyrkia
Havila Kystruten har i dag to skip i drift på den tradisjonsrike Bergen-Kirkenes-ruta, og skal snart sette inn to skip til.

Planen er framleis at skip nummer tre – Havila Polaris – skal segle frå Bergen 29. desember, stadfestar styreleiar Per Sævik til NETT NO på telefon frå Tyrkia.

– Den datoen står framleis ved lag. Båten er ikkje riktig ferdig, men det nærmar seg. Vi jobber no med å finne ut kva tid vi kan løyse ut skipet, seier Sævik.

Tidlegare er det opplyst at det fjerde skipet, Havila Pollux, vil vere klart i løpet av første kvartal neste og legge ut på jomfrutur seinast 22. mars.

Leverte nyleg minustal
Reiarlaget leverte tal for tredje kvartal den 29. november, som viste at selskapet framleis jobba med den nye finansieringa for alle fire skipa etter sanksjonsproblema.

Rekneskapen viste eit underskot på 109,5 millionar i kvartalet, som var det første med to skip i drift. Høge LNG-kostnader og utgifter knytt til opplæring, er mellom postane som tynger rekneskapen.

Havila Kystruten hadde størst auke i talet på tilsette av selskapa på Nordvestlandet i fjor. Ved utløpet av kvartalet var det 349 tilsette sjøfolk og 36 tilsette på land.

Oslo børs fekk ein ny tung dag med eit fall i hovudindeksen på 1,62 prosent til 1182,84.

Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Salmon Evolution 8,37 2,32 %
Sparebanken Møre 75,5 0,65 %
Atlantic Sapphire 8,3 0,61 %
Hav Group 9,35 0,54 %
Nortel 22,8 0,00 %
Arctic Bioscience 13,25 0,00 %
Statt Torsk 1,975 -0,25 %
Hexagon Purus 25,68 -0,39 %
Norva24 Group * 30,52 -0,84 %
Endúr 33,5 -1,03 %
Hexagon Composites 29,56 -1,20 %
Golden Energy Offshore Services 1,5 -1,32 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,055 -2,08 %
Havila Shipping 11,66 -2,35 % |
Hofseth Biocare 2,47 -7,14 %
Havila Kystruten 17,1 -13,64 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 07.12.2022 17:04

Sist oppdatert: 07.12.2022 17:39

Mer om