Havila cap
CARTAGENA: Havila Capella har no kome fram til spanske Cartagena for fylle LNG. Skjermdump frå Havila Kystruten på Facebook
Nytt

Dåp og folkefest 15. januar

Havila Capella vert døypt i Fosnavåg 15. januar. Reiarlaget byr inn til folkefest.

15.11.2021

I dag var kystruteskipet Havila Capella i Cartagena i Spania og fylte opp LNG-tankane. Planen er å vere framme i Bergen 22. november, og starte på den første seglinga til Kirkenes 1. desember.

- Det er mykje som skal på plass før 1. desember, men vi meiner vi skal klare det, seier adm. dir. Bent Martini i Havila Kystruten.

Viktig for heile regionen
Nokon dåpsseremoni vert det derimot ikkje under første turen.

- Nei, det ventar vi til 15. januar med. Då vert det stor folkefest i Fosnavåg. Vi håper at koronasituasjonen då er slik at vi også kan invitere til ope skip, seier Martini.

Gudmor vert Hege Sævik Rabben, medeigar og dotter til Liv og Per Sævik.

- Dette vert ein stor dag for eigarane og selskapet, men også ein stor dag for heile regionen. Det vil vi markere på ein skikkeleg måte, seier Martini.

Vi skal halde ruta, men litt festivitas skal vi få tid til
Bent Martini

Skrekkblanda fryd
På jomfruturen vert det likevel ein del mindre og større seremoniar undervegs.

- Vi skal halde ruta, men litt festivitas skal vi få tid til, seier Martini.

Han seier han gler seg.

- Men det er litt med skrekkblanda fryd. Det er mykje som skal på plass siste dagane.

Publisert: 15.11.2021 16:23

Sist oppdatert: 15.11.2021 16:32

Mer om