Havila ute av The Fjords
Sævik er kjøpt ut av partnaren i reiselivsselskapet.
Då ferjeselskapet Fjord 1 vart seld, var turisttransportselskapet The Fjords ikkje med på kjøpet. Havila Holding valde å kjøpe ut 50 prosent-eigarskapet som Fjord 1 hadde i The Fjords.
No har den andre medeigaren i The Fjords, Norways Best Group, vald å bruke forkjøpsretten, og blitt eineeigar i The Fjords. Det fortel selskapa i ei pressemelding.
Prisen for aksjane er ikkje opplyst.
The Fjords driv mellom anna turistferje på Geirangerfjorden, og har også turisttrafikk i Nærøyfjorden, Oslofjorden og Hardangerfjorden.
Frå hausten av er planen å trafikkere Geirangerfjorden også om vinteren.
Kunne tenkt seg å vere med vidare
– Det har vore utruleg spennande å vere med på satsinga rundt The Fjords, eit selskap som verkeleg har sett standarden for berekraftige reiseopplevingar i det vestnorske fjordlandskapet. Sjølv om vi kunne tenkt oss å vere med vidare i utviklinga av The Fjords, har vi forståing for at Norway’s Best Group ynskte å nytte forkjøpsretten. Vi er sikre på at dei vil ta The Fjords vidare på ein god måte og ynskjer all lukke til med vegen framover, seier Vegard Sævik i Havila i pressemeldinga.
Havila har hovudkontor i Herøy, og er eigd av Sævik-familien.
– Fjordaktiviteten er ein svært sentral og strategisk viktig del av verksemda til NBG. Då vi fekk anledning til å ta fullt eigarskap, vart det ein attraktiv moglegheit for oss til å auke vår eksponering innan norsk reiseliv. Samarbeidet med Fjord1 har vore avgjerande for å bringe denne satsinga til det den er i dag. Det er derfor med ei kjensle av audmjukheit, men likevel stor optimisme, at vi ser fram til å vidareutvikle The Fjords under fullt eigarskap, seier konsernsjef Per Brochmann i The Fjords i pressemeldinga.
Les også
Skal hente minst 200 millionar kroner
Til avisa Dagens Næringsliv seier Brochmann at konsernet skal hente inn mellom 200 og 400 millionar kroner i ny eigenkapital i løpet av tredje kvartal i år.
Det er meklarhuset ABG som har fått jobben med å gjennomføre kapitalutvidinga.
Pengane skal brukast både til investeringar og oppkjøp. Ifølgje Brochmann kan det hende det blir etablert verksemd i fleire båtar og bestilt fleire heilelektriske båtar i Vison-klassa, som blur bygd hos Brødrene Aa i Hyen.
Norway’s Best Group har fire eigarar; statleg Siva Eiendom Holding (36,5 prosent), Aurland kommune (30,8 prosent), Schage Eiendom (23 prosent) og Sogn Sparebank (9,7 prosent).
Publisert: 02.05.2024 12:06
Sist oppdatert: 02.05.2024 19:40