Vegard Sævik foto ogne 11
HAR GJENNOMFØRT SAL: Vegard Sævik er styreleiar i Fjord1, som Havila Holding og deira amerikanske partnar har selt til utanlandske fond. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Fjord1-salet er gjennomført

Sævik-familiens meir enn ti år lange eigarskap i reiarlaget er over.

Marius Rosbach
08.02.2024

Salet av ferjereiarlaget er gjennomført, ifølgje ei melding frå Havila Ariel torsdag.

Dermed er utanlandske investeringsfonda DIF Capital Partners og EDF Invest no eigarar av selskapet.

Havila Holding og Vision Ridge Partner har eigd halvparten kvar av Fjord1, men i fjor blei det kjent at dei hadde inngått avtale om å selje.

Dette er kjøparane

DIF Capital Partners har hovudbase i Amsterdam og er ein infrastrukturfondsforvaltar med om lag16 milliardar euro i forvaltningskapital.

DIF vart grunnlagd i 2005 og har ein leiande posisjon innan forvaltning av mellomstore investeringar, hovudsakeleg i Europa, Nord-Amerika og Australia.

EDF Invest er den franske energikjempen si investeringsavdeling. Dei driv med ikkje-børsnoterte dedikerte eigendelar og forvaltar for tida rundt 9 milliardar euro i eigenkapital.

– Skal betale litt gjeld
Salssummen er ikkje blitt opplyst, og då NETT NO snakka med styreleiar Vegard Sævik etter at salsavtalen var i boks i haust, var det lite jubel å spore over milliardane dei får inn.

– Det er ingen planar om nye investeringar med det første, men vi skal betale litt gjeld i morselskapet, sa han på spørsmål om kva pengane skulle gå til.

– Må ta konsekvensane av skattepolitikken
Sævik-familien var tydelege på at rekninga til formuesskatten var avgjerande for at dei ville selje.

Herøy-familien har samtidig påpeika at dei ønsker å helde fram med forretningane i Norge, og ikkje bli ein del av flyttestraumen til Sveits og andre land.

– Eigarskattar er eit politisk spørsmål og eit fleirtal i Stortinget vil ha det slik. Vi må ta konsekvensane av skattepolitikken som den er i dag.

Klar for store investeringar
Sævik meiner selskapet vil vere betre rusta med nye eigarar og drifta held fram som før. Fjord1-sjef Dagfinn Neteland var optimistisk kring komande investeringar då nyheita blei kjent.

Behovet for nybygg, eller ombyggingar, kjem i takt med at eksisterande kontraktar om å drive ferjesamband skal fornyast.

Fjord1 har om lag 80 ferjer, pluss nokre passasjerbåtar og innleigde snøggbåtar. Aksjane i Fjords Tours, The Fjords og Widerøe, er ikkje med i salet.

Starta med kjøp frå fylkeskommunen
Sævik-familien sitt inntog i Fjord1 starta med kjøpet av Møre og Romsdal fylkeskommune sine aksjar i 2011.

Seinare fekk dei hand om aksjane til dåverande Sogn og Fjordane fylkeskommune, og i 2017 blei selskapet teke på børs.

I august 2021 vart det klart at Havila hadde kontroll over 100 prosent av aksjane i kompaniskap med Vision Ridge – og Fjord1 blei tatt av børs med en marknadsverdi på 5,2 milliardar kroner.

Publisert: 08.02.2024 15:05

Sist oppdatert: 08.02.2024 15:22

Mer om