Kontrakten har ein verdi på i overkant av 350 millionar kroner, opplyser Havyard i ei pressemelding tysdag.
Skipet skal designast av Havyard Design og Solutions i Fosnavåg og byggast ved Havyard Ship Technology sitt verft i Leirvik i Sogn.
Skipet vert nybygg nr. 126 og skal leverast i juli 2015.
I pressemeldinga opplyser Havyard at Havyard 833 WE ICE er eit nyutvikla design design som baserer seg på det nyaste innan teknologi for drivstofføkonomi og miljøvenlegheit. Forsyningsskipet er designa for å operere mest mogleg effektivt og med minst mogleg påvirkning av det ytre miljø i verharde farvatn som for eksempel arktiske strøk.
Designsjef Arve Helsem Leine ved Havyard Design & Solutions opplyser at Havyard har investert mykje i selskapet sin designfilosofi og kalkulasjonsverktøy og metoder for testing.
- I tillegg jobbar vi tett med nøkkelleverandører om å utvikle gode løysingar for våre design, og hybrid batteridrift er et godt eksempel på dette, sier Leine.
I pressemeldinga rosar adm. dir. Steingrimur Erlingsson i Fafnir samarbeidet med Havyard om det første skipet til reiarlaget, eit skip som er det dyraste skipet kontrahert av ein islandsk reiar og det første islandske skipet som skal jobbe i oljeindustrien.
Nybygget vert 89,7 meter langt, 19,6 meter breidt og får eit dekksareal på rundt 1000 kvardtmeter. Skipet vert utstyrt for eit mannskap på 25.
Skipet skal designast av Havyard Design og Solutions i Fosnavåg og byggast ved Havyard Ship Technology sitt verft i Leirvik i Sogn.
Skipet vert nybygg nr. 126 og skal leverast i juli 2015.
I pressemeldinga opplyser Havyard at Havyard 833 WE ICE er eit nyutvikla design design som baserer seg på det nyaste innan teknologi for drivstofføkonomi og miljøvenlegheit. Forsyningsskipet er designa for å operere mest mogleg effektivt og med minst mogleg påvirkning av det ytre miljø i verharde farvatn som for eksempel arktiske strøk.
Auka komfort
Selskapet opplyser at skroglinene, som i det siste både har blitt brukt til eit mindre PSV design (Havyard 832 L WE) og til vindmølle serviceskip er utvikla for reduksjon av drivstofforbruk og auka komfort for mannskapet både i smul sjø og store bølgjer. Utforminga av overbygninga gjer det ifølgje Havyard enkelt å halde skipet isfritt i arktiske strøk.Designsjef Arve Helsem Leine ved Havyard Design & Solutions opplyser at Havyard har investert mykje i selskapet sin designfilosofi og kalkulasjonsverktøy og metoder for testing.
- I tillegg jobbar vi tett med nøkkelleverandører om å utvikle gode løysingar for våre design, og hybrid batteridrift er et godt eksempel på dette, sier Leine.
Islandsk ros
Konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard Group opplyser at selskapet står for 40 prosent av verdiskapinga på skipet, sjølv om skroget skal byggast i Tyrkia.I pressemeldinga rosar adm. dir. Steingrimur Erlingsson i Fafnir samarbeidet med Havyard om det første skipet til reiarlaget, eit skip som er det dyraste skipet kontrahert av ein islandsk reiar og det første islandske skipet som skal jobbe i oljeindustrien.
Opsjon på søsterskip
Han opplyser at selskapet har opsjon på endå eit skip, eit skip som i tilfelle skal leverast i fjerde kvartal 2015.Nybygget vert 89,7 meter langt, 19,6 meter breidt og får eit dekksareal på rundt 1000 kvardtmeter. Skipet vert utstyrt for eit mannskap på 25.
Publisert: 06.06.2019 11:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:32






