Havyard med fire dagars veke
KUTTAR ARBEIDSTIDA: Storparten av dei tilsette i Havyardkonsernet går over på fire-dagars veke. Verftet i Leirvik i Sogn har sju skip i arbeid, det siste skal leverast i tredje kvartal 2016.
Nytt

Havyard med fire-dagars veke

Havyard er i ferd med å innføre fire-dagars veke.

17.04.2015
Dei første tilsette har allereie gått over til fire-dagarsveke, og i løpet av mai er målet å ha redusert arbeidstida i heile konsernet. Berre mindre deler av konsernet, der oppdragsmengda er stor, blir halde utanfor ordninga.
- Vi ser at vi har ein generell slakk fram mot sommaren, samstundes som vi jobbar med mange nye prosjekt. Det er litt dugnad i ei utfordrande tid når det gjeld ordresituasjonen, seier kommunikasjonsansvarleg Gunnar Larsen i Havyard.

Kuttar 15 prosent

Dei tilsette skal redusere arbeidstida 20 prosent, til fire dagar i veke, men lønsreduksjonen blir ikkje like stor.
- Vi trekkje 15 prosent, seier Larsen.
Havyard-konsernet har rundt 800 tilsette i Noreg, og Larsen seier konsernet arbeider med å få på plass ein arbeidsttidsreduksjon fordi det er enklare, gir raskare ein positivt effekt og er meir fleksibelt enn å gå til permitteringar. Dersom prosjekta konsernet arbeider med slår ut i nye oppdrag vil det også gå raskare å skru opp aktivitetsnivået.

Arbeid til 2015

Havyard Group har ein ordrereserve på 2,2 milliardar kroner. Veftet i Leirvik i Sogn har sju skip i ordre, og det siste av dei skal leverast i tredje kvartal 2016.
Havyard Group nøyer seg ikkej berre med redusert arbeidstid for å kutte kostnadar. Konsernet sa tidlegare i år opp 20 tilsette, seks ved Havyard Ship Technology AS i Leirvik og 14 tilsette andre stader i konsernet.
Overskotet i konsernet fall kraftig frå 2013 til 2014 og i fjerde kvartal i fjor gjekk konsernet med underskot, etter å ha bokført tap på ei rekkje nyutvikla skip.

Det er litt dugnad i ei utfordrande tid 

Publisert: 17.04.2015 15:30

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:43