Ferje
MANGLAR FOLK: Ferjereiarlaga er mellom dei som merkar at det er tøff konkurranse om sjøfolka. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Heile landet manglar sjøfolk

Ferjereiarlaga hentar inn pensjonistar og lovar bonus for å få folk i jobb.

NPK
24.08.2022

(NPK): Over heile landet manglar ein sjøfolk og Norled lovar ein bonus på 7000 kroner om ein rekrutterer ein ny kollega.

Etter mangel på mannskap har Norled henta tilbake arbeidsføre pensjonistar som er klare for å jobbe.

Dei siste åra har det blitt meir krevjande
André Høyset

Meir krevjande - spesielt om sommaren
Fjord1, som driv ferjer og hurtigbåtar i Vestland og Møre og Romsdal, har nett same problemet som Norled. Dei har ikkje nok folk, skriv NRK.

– Dei siste åra har det blitt meir krevjande. Det er særleg om sommaren, viss det oppstår akutt behov for bemanning, at det er ei større utfordring. Elles ser vi at der er færre søkarar på ledige stillingar no enn før, seier driftsdirektør André Høyset i Fjord1.

Konkurranse frå oppdrett
Akvakulturnæringa har auka kraftig i omsetjing dei siste åra og set stadig nye rekordar. Det krev arbeidarar – ofte dei same som elles ville jobba på ferjene og hurtigbåtane, skriv NRK.

Johnny Hansen leiar Sjømannsforbundet, som organiserer kring 10.000 sjøfolk i Noreg, trur jobbane i oppdrettsnæringa gjerne er betre betalt enn på ferjene.

Norled lovar bonus
Jannecke Skjøld er sjef for Norled si frakting av cruiseturistane som kjem til Stavanger.

– Eg har jobba i bransjen i 25 år. Aldri har det vore verre å finne mannskap til å frakte turistane rundt, seier ho til NRK.

Selskapet har gått ut med eit løfte om 7000 kroner til tilsette som skaffar ein ny kollega.

(©NPK)

Publisert: 24.08.2022 09:39

Sist oppdatert: 24.08.2022 09:53

Mer om