Ali gjerde brønnbåtkaptein intership foto privat 11
VARIERT: Arbeidsplassen til skipper Ali Gjerde (26) på brønnbåten Inter Barents, strekker seg langs heile kysten. Foto: Intership
Nytt

– Har sagt ja i alle situasjonar

Då Ali Gjerde (27) måtte skifte beite frå oljeservice til laksefrakt, sette han alt inn på å vere fleksibel og positiv.

Marius Rosbach
03.01.2022

Denne artikkelen er publisert i årets NETT NO-magasin, som har rekruttering som tema. Klikk for å lese heile magasinet digitalt.

Som mange andre på øykommunane på ytre søre Sunnmøre, er Ali Gjerde sjømann. Men det var ikkje sjølvsagt at hareidsdølingen skulle bli skipper på brønnbåt. Etter læretida på sjøen i Island Offshore, og kadettida etter fagskule i same reiarlag, var planen ein karriere i oljeservice.

Men i 2016 var offshorebransjen framleis i fritt fall etter oljefallet, og «det var ikkje akkurat flust med jobbar», som han seier.

– Eg gjekk arbeidsledig nokre månader medan eg søkte på alt eg fann. Eg hadde eit ønske om å kome på brønnbåt, som verka spennande og som i tillegg var ei næring i vekst.

Har ein litt ambisjonar må ein stå på, og det har betalt seg
Ali Gjerde

Kasta seg rundt på eitt døgn
Første gongen Ali kom i arbeid på brønnbåt, måtte han kaste seg rundt i løpet av eitt døgn fordi Intership hadde behov for ein vikar.

– Eg opplevde at det var litt vanskeleg å kome seg til fast jobb, men eg fekk inntrykk av at dei ville ha meg med vidare. I 2017 dukka det opp ei fast stilling som styrmann, fortel han.

Då hadde han hatt turar på ulike båtar og vore gjennom fleire vikariat.

– Har ein litt ambisjonar må ein stå på, og det har betalt seg. Eg har sagt ja i alle situasjonar, og har vore så heldig at reiarlaget har gitt meg tillit og trua på meg sjølv. Samtidig har folka eg har jobba saman med sparka meg oppover, fortel han.

(saka held fram under)

Ali gjerde brønnbåtkaptein intership foto privat 22
FÅ KVINNER: Dei fleste om bord på brønnbåtane er mannfolk. – Det hadde vore kjekt med fleire kvinner om bord, seier Ali, som berre har jobba med ei kokke og ein kvinneleg matros.

«Fyk hit og dit langs kysten»
Det siste året har 27-åringen vore skipper på brønnbåten Inter Barents, som blei levert frå Vard Aukra i 2018.

Om bord er dei «seks mann og ein lærling» som går vakter på 12 timar medan dei «fyk hit og dit langs kysten for å hente laks». Også då kjem det godt med å vere fleksibel.

– Det er alfa og omega. Vi er få folk, så du vil gjerne ha med dei som bidreg. Vi har ein variert arbeidsdag og med rett kjemi. Det er eit fantastisk samhald mellom mannskapet, fortel Ali.

Sjølivet har vore mannsdominert – og er det framleis. Ali har jobba med ei kvinneleg kokke og ein kvinneleg matros.

– Det hadde vore kjekt med fleire kvinner om bord. Dei er litt fleire på merdekanten rundt om på anlegga vi er på, fortel han.

(saka held fram under)

Inter Barents Intership foto Intership 11
STORT BEHOV: Dei neste tre åra skal brønnbåtreiarlaga bygge kring 30 nye båtar. Det gir eit behov for minst 1000 nye sjøfolk til næringa. Foto: Intership

Treng 1000 nye sjøfolk innan 2025

Frå 2010 til 2020 sank talet på norske sjøfolk ned med meir enn 5.600, frå 23.278 til 17.640 sysselsette, ifølgje SSB-tal.

Ali Gjerde tilhøyrer den delen av maritim bransje som truleg vil trenge mest påfyll av sjøfolk i åra framover. Berre dei neste tre åra har reiarlaga kring 30 nye brønnbåtar i ordre.

– Det betyr 1.000 nye sjøfolk, påpeiker styreleiar Tanja Hoel i Brønnbåteiernes Forening.

Klikk her for å les heile NETT NO-magasinet

Og på lengre sikt har styresmaktene ønske om ei fleirdobling av havbruk langs kysten. Hoel fortel at dei norske brønnbåtreiarane no er i ferd med å gå frå å serve den norske marknaden, til å drifte over heile verda.

– Ingen kan konkurrere med den norske teknologien, meiner ho.

Publisert: 03.01.2022 06:00

Sist oppdatert: 03.01.2022 06:30

Mer om