Fisk er blitt veldig hot fpfull
STOR INTERESSE: Daglig leder Petter Leon Fauske og HR-sjef Merete Alnes Mostue i MMC First Process kan konstatere at det er stor interesse for jobbane dei har lyst ut. Foto: MMC First Process
Nytt

– Fisk er blitt veldig hot

Det har strøyma inn hundrevis av søknadar til ein rekke nye stillingar i MMC First Process og Optimar.

Marius Rosbach
18.02.2021

Fiskerileverandørane Optimar og MMC First Process er begge på jakt etter ein rekke nye tilsette for tida. Og begge bedrifter opplever stor pågang frå folk som vil ha dei nye jobbane.

– Vi ser ei markant endring på litt over eitt år. Fisk har blitt veldig hot, og bedrifter som jobbar med å nyttiggjere oss av havet, er populære, fortel HR-sjef Merete Alnes Mostue i MMC First Process til NETT NO.

MMC First Process har søkt etter 16 nye tilsette i denne omgang, og fristen for dei fleste er no gått ut. Denne veka la også Optimar ut ti nye stillingar – fleire av dei i nyoppretta funksjonar.

Har fått 340 søknadar
Ei oppteljing av søknadane til jobbane i MMS First Process, viser at dei har fått inn kring 340 stykke. Då NETT NO var i kontakt med HR-sjef Mostue kom det framleis inn ein og anna etternølar.

– Det er mykje. Mellom anna har vi masse søkjarar på ingeniørstillingane. Fem år tilbake kunne det vere berre to, medan det no til eksempel er heile 41 søkjarar til ei stilling prosjektingeniør, fortel Mostue.

To stillingar - HR-koordinator og garantikoordinator - skil seg ut med spesielt mange søkjarar. Mostue reknar det har å gjere med at desse ikkje har like konkrete krav til utdanning som mange av dei andre stillingane.

Det er heilt klart ein del endringar på gong i regionen som vi merkar. Samtidig har vi ekstremt mykje flinke folk i regionen, og vi må utnytte den kapasiteten som ligg i det
Lene Flem Debess

Lokal forankring eit pluss
På fleire av stillingane ved MMC er det ope om ein blir tilsett på avdelinga på Digerneset, eller i Eggesbønes i Herøy. Moestue fortel at det er bevisst for å treffe breiast mogleg.

– Det er kjekt å oppleve at det er så mange søkjarar til stillingar med klare kompetansekrav og som krev at ein er høg kvalifisert. Samtidig er vi audmjuke og takksame for at så mange har lyst til å jobbe hos oss, fortel ho.

Bedrifta har ikkje nytta seg av rekrutteringsbyrå og Mostue fortel at dei prøver seg litt fram for å sjå kor dei treff best. Sjølv om det langt frå er noko krav med lokal tilhøyregheit, meiner HR-sjefen det er ein fordel.

– Vi ser at dei som har ei viss lokal forankring, gjerne også blir lengre i jobben, legg ho til.

(saka held fram under)

Lene flem debess foto ogne 11
MANGE FLINKE: Lene Flem Debess (t.h.) ved Optimar påpeiker at det er mange flinke folk i regionen. Her under eit møte med studenter på eit «Sjekk Inn»-arrangement for nokre år sidan. Foto: Ogne Øyehaug
Podium

E5/S1 Håvard Sætre og Olav Holst-Dyrnes om Internasjonalt eigarskap

– Overraskande mange søkarar
Optimar gjekk denne uka ut med utlysingar etter minst 10 nye medarbeidarar. Lene Flem Debess som er HR- og organisasjonssjef for utstyrsleverandøren, fortel at dei allereie merkar trykket.

– Det har vore overraskande mange søkarar etter berre nokre få dagar, fortel ho til NETT NO.

HR-sjefen merkar – som sin kollega i MMC – at fiskeri og havrommet er i vinden. Optimar er i dag 450 tilsette globalt, og 270 personar ved dei de tre avdelingene på Sunnmøre.

For drygt tre år sidan blei bedrifta kjøpt opp av Haniel-konsernet, og Debess påpeiker at det tyske selskapet tenker langsiktig.

– Dei gjer investeringar for framtida, og synes både bransjen og området er interessant, fortel ho.

Fleire truleg usikre på jobbane sine
Ei medverkande årsak til auka søkjarmengde, er truleg at fleire er usikre på jobbane sine som følgje av koronapandemien. NETT NO fortalde nyleg om stillingar i ein rekke bransjar, som opplevde stor pågang.

– Det er heilt klart ein del endringar på gong i regionen som vi merkar. Samtidig har vi ekstremt mykje flinke folk i regionen, og vi må utnytte den kapasiteten som ligg i det, seier Debess.

Publisert: 18.02.2021 05:55

Sist oppdatert: 28.04.2021 09:49

Mer om