Held doera paa gloett for kvitfiskmottak
SILD: Dagleg leiar Roar Aasen i Fosnavaag Pelagic tok måndag imot 810 tonn NVG-sild frå Bodø-båten Kvannøy. Han opnar for at det kan verte mottak av kvitfisk - i tillegg til sild og makrell. 
Nytt

Held døra på gløtt for kvitfiskmottak

Det går for det meste i sild og makrell, men Fosnavaag Pelagic kan også kome til å ta imot kvitfisk neste år.

17.11.2014
- Dette er det eigarane som avgjer, men vi held døra på gløtt for ei slik løysing, seier dagleg leiar Roar Aasen ved Fosnavaag Pelagic.
Han seier at det trengst å gjerast ein del investeringar, om det vert aktuelt å ta imot kvitfisk.
- Det er ikkje tatt noko avgjersle rundt dette, men vi har heller ikkje avvist tanken.
Hovudeigar er Nils Sperre AS, med 50,1 prosent av aksjane etter at nye eigarar overok då Fosnavaag Seafood gjekk konkurs i fjor.

15.000 tonn makrell

Aasen seier at drifta har gått bra etter at dei nye eigarane overtok.
Hittil i år har 15.000 tonn makrell gått gjennom bedrifta, medan no er det full fart med mottak av NVG-sild (norsk vårgytande sild).
- Det er ikkje så store sildekvoter. Derfor reknar vi ikkje med at sesongen vil vare meir enn litt ut i desember. Deretter vert det stopp til vi forventar å få kjøpt makrell frå utanlandske fartøy over nyttår.
Måndag leverte Bodø-båten Kvannøy totalt 810 tonn NVG-sild i Fosnavåg.

Ny rekord

I følgje vart det sist veke sett vekesrekord for NVG-sild etter ei veke med godt ver både i Norskehavet og i fjordane i Nord-Norge.
Totalt vart det sist veke fiska 47.400 tonn NVG-sild. Av dette vart heile hele 13.200 tonn innmeldt på onsdag, noko som er beste dagskvantum hittil i år.
Ringnotflåten bidrog med 32.800 tonn av kvantumet.
Norges Sildesalslag opplyser at fisket foregår i to hovedområde, i Norskehavet heilt til sør for N 66º og vidare på nordaust til eit område vest av Lofoten.

Snittpris på 5,90 kroner

Fiskarane melder om periodevis mykje sild og det er tatt enkeltkast på over 1.000 tonn. Mellom anna tok Herøy-båten 1.200 tonn i eitt kast sist veke.
Prisane har variert frå 4,65 kroner for låsfangstar som lavast, til høgaste pris på 6,50 kroner for ein stor fangst med utbodsområde frå Danmark til Tromsø. Snittet for sist veke låg på 5,90 kroner kiloen.
Fram til klokka 11:30 måndag, var det meldt inn 1.740 tonn NVG-sild, 440 tonn makrell og 280 tonn nordsjøsild.
Det er ikkje så store sildekvoter. Derfor reknar vi ikkje med at sesongen vil vare meir enn litt ut i desember

Publisert: 17.11.2014 11:38

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:39