Held liv i Heroeyterminalen
MINUS: Herøyterminalen har ikkje nok trafikk til å gå med overskot, men eigaren har droppa planane om å stenge. 
Nytt

Held liv i Herøyterminalen

I fjor ville eigaren legge ned Herøyterminalen. No vil selskapet, Vonin Refa, drive vidare likevel.

05.09.2015
- Vi prøver å ordne det på ein minneleg måte, seier administrerande direktør Ronny Moan i Vonin Refa (tidlegare Refa Group).
Herøyterminalen har vore eit underskotsføretak i fleire år, så også i 2014 (sjå tabell).

Med på kjøpet

Herøy kommune selde terminalen til Herøy-selskapet Frøystad Fiskevegn i 2003. Dette selskapet vart seinare slått saman med Refa Group frå Finnes i Troms, som fekk terminalen med på kjøpet.
Sidan 2011 har Refa Group drive terminalen med underskot, og har ønskt å selje terminalen. Dette protesterte kommunen på, som meinte at Refa var pliktig til å drive hurtigruteekspedisjonen vidare, sjølv om selskapet Herøyterminalen gjekk med tap.

Prøvar å selje

Trafikktoppen for terminalen blei nådd rundt år 2000. Då var Global sitt pelagiske anlegg på Eggesbøneset framleis i drift. Den gongen sto det opp til 100 frysekontainarar på kaia og venta på utskiping. Men det pelagiske anlegget blei til lakseslakteri for Marine Harvest, og laksen den går på lastebil.
Etterpå har det gått nedoverbakke med lønsemda.

Ny avtale

Striden med kommunen er inntil vidare løyst ved at Refa driv vidare til selskapet finn ein kjøpar som også kan ta på seg pliktene overfor drifting av hurtigruteanløpet i Torvik. Pr. i dag er det ingen forhandlingar om sal, i følgje Ronny Moan i Vonin Refa.
Teminalen har fått ny avtale med Hurtigruta som gir litt auka inntekter. Saman med kutt i kostnadane reduserer det underskotet i 2014 samanlikna med 2013. Men selskapet arbeider med å få fleire leige- og driftsavtalar for eigedomen, for å betre økonomien.

Publisert: 05.09.2015 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:46