Regnet måtte vike for sol og korpsmusikk slik det høver seg for ein skipsdåp, då fartøyet Kystbunker III vart døypt i Ålesund torsdag.
Seremonien skjedde ved anlegget til Bunker Oil på Hessa.
– Måtte hell og lukke følgje deg på alle hav, sa gudmor Linda Rørvik før flaska knuste mot skutesida på første forsøk.

Tankskipet på knappe 52 meters lengde og bredde på nær 11 meter, er bygd på Akdeniz-verftet i Tyrkia.
Gudmor Rørvik understreka at skipet ikkje berre vil frakte verdifulle ressursar til sjøs, men óg er eit resultat av dedikert innsats frå alle involverte.

Mest lokalt mannskap
Med Kystbunker III har Bunker Oil tre fartøy i flåten, saman med Kystbunker og Kystbunker II.
Under dåpen trekte dagleg leiar og eigar Jan Magnus Kleven fram lokale leverandørar - og at også mannskapet kjem frå lokalmiljøet.
Åtte av dei seks i besetninga om bord, bur mindre enn ein halvtime frå basen på Hessa, fortalde Kleven.
Skipet er det største i flåten til no, og skal serve anlegga til Bunker Oil langs heile kysten.

Motorar og teknologi frå Søvik
Om bord i det nye tankskipet er også heile fem motorar frå Nogva Motorfabrikk.
– På denne båten har Nogva levert to Scania-framdriftsmotorar på 500 hestekrefter, med Nogva Heimdal-gir og Nogva-propell, opplyser salsingeniør Ole Henning Bjørnevik til Nett No.
Motorfabrikken i Søvik har óg levert to Scania-generatorar, i tillegg til eit hamneaggregat med John Deere-motor.
Leveransen frå Nogva inkluderte også manøvreringssystem og reinsing av utslepp i tråd med internasjonale reglar.
Publisert: 06.06.2025 05:00
Sist oppdatert: 05.06.2025 23:18





