Ulstein Group er gått i kompaniskap med tyske Thyssenkrupp i kampen om å bygge nye fregatter til det norske forsvaret.
Verftsdirektør Lars Lühr Olsen hadde svært mange tilhøyrarar ved standen til skipsbyggjarkonsernet, då dei fortalde om arbeidet under Nor-Shipping-messa tidlegare i veka.
Han stadfestar at fregattoppdraga har vore på lista over dei mest populære samtaleemna på den store maritime messa på Lillestrøm.
– Mange lurer på korleis løpet er med anskaffelsene til forsvaret, seier Olsen til Nett No.
– Og folk spør gjerne om korleis de kan komme i betraktning for oppdrag, legg verftsjefen til.
Han fortel at dei vil sette fleire selskap i kontakt med Thyssenkrupp Marine System og Bertel O. Steen Defence & Security, som er deira norske samarbeidspartnar.

Kan gi opptil 14.000 årsverk for norsk industri
På Nor-Shipping fortalde Olsen mellom anna kva styrker dei meiner det tyske fregattalternativet har.
Ulstein Group sine utrekningar for ringverknadene som kan kome av eit byggeoppdrag på minst fire fregattar, viser at det for byggingen i Ulsteinvik åleine vil utgjere 400-430 årsverk.
Med ringverknader for tilsvarande kommersiell skipsbygging - som utgjer ytterlegare 5-6 årsverk i verdikjeda - vil det over ei periode på seks år bety mellom 12.000 og 14.000 årsverk til leverandørindustrien og anna aktivitet i lokalsamfunna.
– Av dei tre europeiske fregattalternativa, gir dette klart størst verdiskaping i Norge, seier Olsen.
Skal gjere designet meir fleksibelt
I tillegg til Tyskland, er også USA, Frankrike og Storbritannia mellom alternative leverandørland av minst fem, kanskje seks, fregattar.
Vard som kan bygge dei amerikanske fregattane, var også til stades på Nor-Shipping-messa for å snakke om deira alternativ.
Etter det som er opplyst tidlegare, skal to kandidatar silast vekk, før avgjerda blir tatt – truleg i løpet av 2025.
Thyssenkrupp Marine Systems som har levert eit betydeleg mengde fregattar sidan 1980, jobbar med det Olsen omtalar om ein ny konfigurasjon for sine fregattar.
Det skal gjere dei meir fleksible slik at det er mogleg å skifte utstyr og våpensystem ut frå eit stadig meir skiftande behov.
– Det vil vere kjempeviktig for Norge framover å kunne bytte utstyr om bord, for å følgje utviklinga som nærast endrar seg frå dag til dag, seier Olsen.
Kan skyte ned rakettar på 1200 kilometer
Ukraina sitt arbeid med droneangrep, er eit dagsaktuelt eksempel på korleis bruk av ny teknologi er i stadig endring.
Ulstein-leiaren skyt inn at luftvernsystemet som skal om bord på dei tyske fregattane, går for å vere svært effektiv og kan skyte ned rakettar på 1200 kilometers avstand.
– Det er ekstremt viktig for å beskytte seg for trugslar frå lufta, ikkje minst for Norge med oljeplattformar og andre installasjonar til havs, seier Olsen.
Det er eit tidsvindauge no framover der det er mogleg å kvalifisere seg
Tidsvindauge for nye leverandørar
Arbeidet med å oppgradere designet gjer at det tyskarane truleg treng meir tid enn dei andre landa, før alle fregattane eventuelt blir levert.
Det er trekt fram som ei bakdel av nokon. Men Olsen snur det på hovudet og påpeikar at det samtidig gir rom for nye norske leverandørar å bli med.
– Slik eg forstår det, er dei andre fregattane ferdig designa. I slike situasjonar er det krevjande å kome inn med nytt utstyr og systemer, seier han.
– Det er eit tidsvindauge no framover der det er mogleg å kvalifisere seg, legg verftssjefen til.
Har allereie møtt potensielle leverandørar
I løpet av dei siste vekene har Thyssenkrupp sine representantar vore i Ålesund, Bergen og Stavanger for å møte potensielle leverandørar.
I Ålesund var det tyske eksportstyresmakter og GCE Blue Maritime Cluster som var vertskap for i underkant av 30 representantar frå industrien møttest 21. mai.
Nett No var til stades på møtet i Ålesund der det deltok aktørar frå både utstyrsleverandørar, ingeniørselskap, elektrofirma og leverandørar av it-programvare.
Meir frå Nor-Shipping under:
Les også
Publisert: 05.06.2025 15:53
Sist oppdatert: 05.06.2025 16:16






