Det er det fylkeseigde kollektivtrafikk-forvaltningselskapet AtB i Trøndelag som inngjekk avtalen med ferje- og hurtigbåtreiarlaget Norled om å trafikkere strekninga Kristiansund-Trondheim med to hurtigbåtar som reiarlaget bestilte hos Brødrene Aa i Hyen. Reiarlaget bestilt og ein tredje båt, som Norled skulle bruke i rute mellom Trondheim og Brekstad i Trøndelag. Båtane skulle gå på batteri, med batteribytte undervegs.
Norled kansellerte den eine båten tidleg i april, og dei to andre like etter. Grunngjeving var for seint levering og at fartøya ikke innfridde krav til fart og energiforbruk. Det utløyste ei krise som enda med at Brødrene Aa melde oppbod fredag 30. mai og storparten av dei 168 tilsette misste jobben.
Frå verftet si side er det erkjent at Norled hadde rett til å kansellere, men samstundes sagt at båtane mangla eit halvt knop på å innfri minimumskravet i kontrakten.
Vesentleg endring
Om AtB skulle gå med på å å bruke båtar med redusert fart ville det betydd cirka 15 minutt lengre reisetid, ifølgje administrerande direktør Grete Fuglem Tennås i AtB. Det ville vere ei vesentleg endring i kontrakten, som ville vere ulovleg og bety at Norled fekk kontrakten på vilkår som dei andre konkurrentane ikkje fekk høve til å konkurrere på. Ei slik forseinking ville og gått ut over korrespondanse med andre ruter.
Ho seier og at kontrakten ikkje vart lyst ut med krav om nullutslepp av CO2. Norled set inn andre hurtigbåtar for å trafikkere strekningane. Dei går på diesel.
Kontrakten har imidlertid ein klausul om at Norled hadde rett til å få forlenga kontraktane med AtB med fire år frå 2030 om reiarlaget når mål om 50 prosent reduksjon i CO2-utslepp i løpet av 2026 samanlikna med 2019. Med dieselbåtar går ikkje det.
Litt for sein
Norled bestilte dei tre båtane i 2023. Kontrakten var på 420 millionar kroner og planen var at dei skulle leverast i fjor.
Kontrakten er den største verftet nokon gang har inngått.
Styreleiar i Brødrene Aa fram til konkursen, Gustav Johan Nydal, sat til NettNo i mai at avtalen med Norled var at båtane skulle gå i 33 knops fart ved eit avtalt energiforbruk, med eit slingringsmonn på pluss/minus to knop.
Den første båten greidde 30,5 knop innan det energiforbruket som var avtalt, ifølgje Nydal.
Styreleiaren vedgjekk at verftet tykkjer Norled har vore strenge.
– Ja, det er klart vi syns det. Men vi har óg sagt at dei er i sin fulle rett til å kansellere, seier Nydal.
Publisert: 05.06.2025 12:01
Sist oppdatert: 05.06.2025 12:01






