Olden 2
OLDEN: Olden Fjordhotel har 60 rom, og er ope frå mai og utpå hausten. Foto: Olden Fjordhotel
Nytt

Held stengd til mai neste år

Olden Fjordhotell leverer så vidt i pluss, og eigarane satsar på drift halve året.

01.11.2021

Fjordhotellet i Olden stengde dørene 26. september i år, og opnar på nytt i mai neste år, truleg til 17. mai, slik ein gjorde i år.

Hotellet omsette i 2020 for 4,4 millionar kroner, og hadde eit resultat så vidt i pluss.

(saka held fram etter tabellen)

Olden Fjordhotel
Årsresultat (i mill kr) 2020 2019
Driftsinntekter 4,4 6,7
Driftsresultat 0,01 0,01
Resultat før skatt 0,03 0,05

Eigd av brør
Olden Fjordhotel har 120 sengar fordelt på 60 rom, i tillegg til selskapslokala og restaurant/bar.

Eigarar i dag er brørne Einar Løken på Stårheim og Birger Løken i Volda gjennom eigedomsselskapet Alda Holding.

Hotellselskapet har ein eigenkapital på 0,5 millionar kroner og i praksis ikkje langsiktig gjeld.

Selskapet hadde seks årsverk i 2020.

Publisert: 01.11.2021 12:41

Sist oppdatert: 01.11.2021 12:49

Mer om