Petter kragset hakallevær ute foto marius 11
REISELIVSATSING: På plassen dei har kalla Hakallevær satsar Petter Kragset og kona Sissel Smaller på å huse besøkande. Fire utleigebustader er oppført til no. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Starta eksklusiv utleige i havgapet

Petter Kragset og kona har investert stort på Hakallestranda. I dag har dei sengeplass til rundt 25 besøkande.

Marius Rosbach
30.10.2021

I vasskanten på Hakallestranda i Vanylven har det vokse fram ein liten reiselivsdestinasjon. Petter Kragset og kona Sissel Smaller satsar på at plassen skal trekke til seg aktive besøkande året rundt.

Til no har dei investert om lag 17 millionar kroner, og i dag kan dei tilby overnatting med høg standard til om lag 25 personar.Investeringa skjer gjennom selskapet Hakallevær, der Jan Lidvar Nystøyl og Runar Halsen eig ein firedel kvar. Begge vekse opp på Hakallestranda, men bur no i Oslo.

Solnedgang i havet - og storm
– Vi har sikta oss inn mot «high end»-delen av marknaden og har forsøkt å lage det litt luksuriøst, fortel Petter Kragset.

Hakallevær kallar dei plassen, og dei som har vore på besøk har kome med gode tilbakemeldingar.

– Folk har vore veldig fornøgde, og mange er overraska over at ein slik plass finst her. Samtidig som vi har solnedgangen rett ut i havet om sommaren, trur vi det vil vere like spennande for mange å oppleve ein hauststorm.

– Det er bygd solid. Derfor føler ein seg trygg, sjølv om det kan vere voldsamt når det står på, legg han til.

(saka held fram under)

Hakallevær utleigebustad 11
EIGNE AVDELINGAR: I øvste etasjen i den eine av dei største bustadene. Bustadene heng saman, men er likevel laga som separate delar. Materialvala innandørs er av høg kvalitet. Det same er utsikta. Foto: Marius Rosbach

Har fire utleigebygg til no
Til no er det bygd to større utleigebustader på kring 150 kvadratmeter kvar. Dei går over to og eit halvt plan og heng saman, men har ulike avdelingar med soverom og moglegheit for separat inngong. Materialvalet er av høg kvalitet i naturleg og minimalistisk stil.

– Vi kan sette opp tre tilsvarande bygg i retning moloen, men det er kostnadskrevjande, så vi får sjå etter kvart kva vi bestemmer oss for. Per i dag har vi alle moglegheiter ope, fortel han.

Bak dei to største bygga, er det sett opp to mindre utleigebustader i same stil. Det er også fleire tomter i bakken opp mot fylkesvegen. Kragset fortel at dei tenker selje desse til fritidsbustader.

Trafikken frå skipstunnelen kjem rett forbi. Eg trur dette kan bli ein populær plass
Petter Kragset

Trur på «skipstunnel-effekt»
Petter Kragset trur at kyststripa langs Hakallestranda kan blomstre i kjølvatnet av at Stad skipstunnel blir bygd.

– Trafikken frå skipstunnelen kjem rett forbi. Eg trur dette kan bli ein populær plass, fortel han.

Hakallevær ligg nokre kilometer sør for Åram ferjekai, der skipsleia møter storhavet. Rett utfor ligg eksotiske Haugsholmen og Storholmen. Om sommaren går sola ned i havet i vest. Nokre kilometer sør ligg Hakallagarden – der broren til Petter har vore med å investere betydelege beløp.

Håpar på breiare reiselivstilbod
Bakom utleigebustadene kneisar Kragsethornet. Der blir det sysla med planar om å bygge sherpatrapp opp i fjellet, fortel Kragset. Også håpar dei å få utbetra hamna med godt med gjestebrygger.

Det storslagne landskapet er ein attraksjon i seg sjølv, men han saknar fleire opplevingsaktivitetar som besøkande kan nytte seg av.

Kragset trur samtidig at mykje kan endre seg dei neste åra. Den lokale Joker-butikken opplever allereie at omsetninga aukar stort med dagens sommarbesøk til bygda.

– Om mange nok satsar litt, så kan resultatet blir verkeleg bra. Her har vi dei naturlege føresetnadane, legg han til.

(saka held fram under)

Hakallevær servicebygg 22
GJENBRUKT KLEDNING: I servicebygget er naustkledninga brukt opp att i innreiinga. Her er det godt med boltreplass i to etasjar og toalett i underetasjen. Oppe er det langbord med plass til 25 personar. Foto: Marius Rosbach

Aktive klatrarar
61-åringen har vore ein aktiv klatrar og løpar gjennom livet. Ein «hobby» er å samle på den høgaste fjelltoppen i kvart land over heile verda. Kona har bestege Mount Everest. Sjølv har han forsøkt tre gonger, utan å nå heilt til topps.

Om ein googlar Petter Kragset får du også vite om eit tilfeldig møte med Egil «Drillo» Olsen, som enda med at sunnmøringen hjelpte fotballprofilen med å revidere «Drillos Verdens Atlas». Begge delar lidenskapen for geografi – og at ting er korrekt.

– Kona mi og eg har ein del kontaktar i ulike miljø og historier vi kan bidra med under eit opphald på Hakallevær. Det kjem heilt an på kvar gjestane ønsker, fortel han.

Velutstyrt servicebygg
Kragset trur plassen kan vere attraktiv både for bedrifter, familiar på tur saman, eller dykkarklubbar for den saks skuld.

Ved sidan av dei to store bustadene ligg eit romsleg naust, som er et gjort om til servicebygg. Her er det sup-brett og våtdrakter, i tillegg til fiskeutstyr og teiner. Dei har også båt tilgjengeleg for gjestane.

– Dette kan dei som bur her bruke som dei ønsker, fortel Kragset.

Hakallevær ute 22
PLASS TIL FLEIRE: Til venstre for utleigebustadene i sjøkanten er det plass til å sette opp tre tilsvarande bygg. Foto: Marius Rosbach

Publisert: 30.10.2021 05:55

Sist oppdatert: 30.10.2021 10:34

Mer om