Held tempoet oppe i husbygginga
TEMPO: Henning Heltne t.v. og Odd Magne Velsvik i Tømrer Prosjekt held høgt tempo i bustadbygginga og er no klare med nye prosjekt i Fosnavåg.
Nytt

Held tempoet oppe i husbygginga

Volda-firmaet Tømrer Prosjekt befestar stillinga si som den viktigaste bustadutviklaren på søre Sunnmøre. Etter eit lite opphald i Herøy er voldingane no klare til å starte opp nye Mesterhus-prosjekt i Fosnavåg.

Administrator
01.07.2014
- Dei siste par åra har vi konsentrert oss mest om dei andre kommunane i regionen, seier dagleg leiar Henning Heltne og salssjef Odd Magne Velsvik.
Trass i eit par rolege år i Herøy, har Mesterhus likevel levert om lag femti bustader i Herøy dei siste fem åra. Dette gjer Mesterhus-representantane Tømrer Service og Tømrer Prosjekt til Herøy sine viktigaste bustadutviklarar.

60 bustader i året

Volda-selskapet opererer som bustadutviklarar med heile søre Sunnmøre som satsingsområde. Dette har dei siste åra resultert i ein årleg leveranse på om lag 60 bustader til saman i Ørsta, Volda, Ulstein, Hareid og Herøy.
I fjor og til no i år har mykje av kapasiteten gått med til å bygge ut to byggefelt i Ulsteinvik med til saman over 50 bustader, samt 44 bustader fordelt på to felt i Volda. I tillegg til dette er det også levert ein del enkelthus ulike plassar i distriktet.

Høgt tempo

Salssjef Odd Magne Velsvik, som har vore kåra til toppseljar innafor Mesterhus-systemet, aktar ikkje å slakke på tempoet.
- Resten av 2014 og neste år vil aktiviteten vår i Herøy auke betydeleg igjen, seier Velsvik, som er glad for å ha funne løysing på nokre arkeologiske utfordringar som har vore tidkrevjane i Fosnavåg-området.
Dermed ligg det meste no til rette for oppstart med utbygging av to konsentrerte bustadmiljø i utkanten av Fosnavåg med ein samla kapasitet på knapt tretti bueiningar fordelt på 2- og 4-mannsbustader samt ei lavblokk.
Oppstarten for det første er planlagt etter sommarferien.

*

Publisert: 01.07.2014 06:20

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:34