NTB Ks42 Ism2 Kl8
VANSKLEGARE: Det har blitt vansklegare å lage satire, meiner Roar Hagen. Teikninga "Vanskelege tema" skal henge på Høgskulen i Volda.. Teikning: Roar Hagen, VG
Nytt

Avisteiknar Roar Hagen: – Demokrati og ytringsfridom er det viktigaste vi har

Dei fleste av oss kjenner att streken hans. No skal arbeida også pryde det nye mediebygget i Volda.

23.04.2022

NPK-Bent Tandstad: Roar Hagen er heilt i eliten blant norske avisteiknarar. Det starta i Sunnmørsposten i 1975, seinare i Stavanger Aftenblad, før han hamna i Oslo og VG. Her tok han over etter legendariske Pedro, den gamle krigshelten frå Bergen som prega den tabloide dagsavisa med teikningane sine i etterkrigstida.

Hagen har gjennom åra utvikla ein lett attkjenneleg stil, der han med det skarpe blikket sitt finn særtrekk ved politikarar og andre samfunnsaktørar, og dyrkar desse særtrekka fram. Alle som blir teikna seier at dei ser på det som ei ære å bli karikert av han, og vi må vel tru dei når alle seier at dei set pris på teikningane. Kanskje.

Schibsted-huset
Vi møter han i det som ein gong var VG-huset i Akersgata i Oslo. No har det vorte Schibsted-huset, der også Aftenposten og Schibsted-administrasjonen held til saman med VG. Kontoret hans er lite, det meste skjer i opne landskap no for tida.

– Det er faktisk berre politisk redaktør Hanne Skartveit og eg som har eigne kontor her i huset. Til og med sjefredaktøren sit i landskap, seier den høgreiste sunnmøringen i det han byr oss inn i det heller tronge rommet. Her har han ein PC, eit lite arkiv og vindauge med utsyn til kontorlandskapet.

NTB a Gg3l3nk8 WE
FAVORITT: Roar Hagen i gang med å teikne favorittmotivet sitt, statsminister Jonas Gahr Støre. Foto: Bent Tandstad / NPK

For tida er det statsminister Jonas Gahr Støre som er favorittmotivet.

Hagen tek fram skisseblokka, og i løpet av eit lite minutt har han statsministeren klar. Kjenneteiknet på alle teikningane av Støre er eit markert nase- og hakeparti pluss flosshatt. Vi hugsar dei høghæla skoa og markerte leggpartiet til Gro Harlem Brundtland, og dei mange frodige versjonane av Erna Solberg.

Og det som har vorte symbolet på Ola Nordmann: Ein tjukkfallen mann med duskelue i flaggfargar som syt og klagar over kor vanskeleg alt er. «No er eg så mett at eg byrjar å bli alvorleg irritert», seier han.

Den meritterte avisteiknaren, som også har ein omfattande internasjonale karriere, er glad for å ha fått oppdraget med å smykke ut det nye Sivert Aarflot-bygget ved Høgskulen i Volda. Her skal han levere 20 arbeid som han meiner er relevante for medieutdanninga.

– Eg kan ikkje hengje nokon betre stad enn i Sivert Aarflot-bygget. Det var Aarflot som tok opplysingstida til Sunnmøre og den norske landsbygda. Det er ei stor ære for meg, og det å vere representert der er også ei påminning om at satireteikningar bør vere ein del av media også i framtida, seier han.

Lang tradisjon
Hagen er oppteken av at det han driv med er del av ein lang tradisjon ikkje berre i norsk presse, men i heile den demokratiske verda. Han nemner dei norske satiremagasina Vikingen, Tyrihans og Korsaren for over 100 år sidan. Dei var i ein stor europeisk tradisjon med blant andre britiske Punch og Simplicissimus i Tyskland. Her var dei store norske avisteiknarane Olaf Gulbransson og Ragnvald Blix viktige bidragsytarar.

– Teiknarane starta nærmast som sjølvpublisistar ved å selje arbeida sine på gata. Så kom magasina, før teikningane fann sin plass i dagspressa. Og det har vart fram til i dag. Kva som blir plattforma i framtida er vanskeleg å seie, eg trur det vil mutere inn i nye plattformer vi i dag ikkje heilt ser, seier han.

Hagen er klar på at denne måten å lage samfunnskritikk på må bestå også i framtida. Det aller viktigaste er demokratiet sjølv og ytringsfridomen. Men det er også avgjerande at redaktørane er bevisste på si rolle og sikrar at det er økonomi i dette.

For det har blitt vanskelegare å lage satire. Roar Hagen peikar spesielt på områda religion og kjønns- og identitetspolitikk.

– Dette er tema det er vanskeleg å ta tak i utan å bli brennemerkt. Mange vil gjerne definere deg og velte deg ned i ei eller anna grøft, og det er til hinder for den frie samtalen. Det har blitt nesten umogleg å stå i ein fri midt-posisjon, fordi polariseringa har blitt så sterk. Du må vite at når du brukar religiøse symbol, så blir det oppfatta sånn og sånn, og du må tenkje deg nøye om kven som blir fornærma.

NTB a5 Ru4xljod0
Denne teikninga skal henge i meidebygget på Høgskulen i Volda. "Noreg" og Kina. Teikning: Roar Hagen, VG

– Det er ikkje hjelp i kva du sjølv meiner, det blir oppfatta som noko anna, og det nyttar ikkje å forsvare seg heller. Det er ei radikal endring frå då eg starta. Alt var enklare før, sukkar Roar Hagen.

Heile verda inne på tunet
Han viser til at Noreg tidlegare var eit mykje meir homogent samfunn. Vi hadde striden mellom kristne og dei sekulære, det var kvinnesak, dei politiske blokkene. Men det var handterleg. Ein kunne lettare forstille seg korleis folk ville reagere.

– I dag er heile verda inne på tunet ditt anten fysisk eller digitalt. Ting du lagar i Danmark eller Noreg kan dukke opp i Midtausten som bevis på eit eller anna. Det gjer at kravet til presisjon er mykje større enn tidlegare. Det er vanskelegare å vere satirikar fordi verda er rett framfor deg takka vere reise, internett og migrasjon. Vi er i ein global landsby frå vi står opp til vi legg oss, seier han.

Roar Hagen er glad for at han under heile karrieren har fått vere uavhengig, at han aldri har måtta bede om pengar eksternt for å lage eit prosjekt.

– Det einaste eg har måtta ta omsyn til er norsk lov og redaktøren. Men elles får eg høyre det frå familien når dei meiner eg har gått for langt. Det er viktig at redaktørane også i framtida forstår kor viktig paragraf 100 i Grunnlova, ytringsfridomsparagrafen, er. Det er i denne tradisjonen norsk avisteikning står, ein viktig del av det norske mediebiletet og den offentlege samtalen. Det er eit uttrykk ein ikkje kan erstatte med noko anna, det er visse ting du berre kan seie med ei teikning.

Langt frå sjølvsagt
Det var langt frå sjølvsagt at Roar Hagen skulle bli teiknar. Faren ville han skulle bli noko meir matnyttig som til dømes ingeniør, eller til naud arkitekt.

– Det var ein entreprenør eg hadde sommarjobb hos som rådde meg til å gå vidare med teikninga. Han såg vel kor hjelpelaus eg var med praktisk arbeid, ler han.

Så då vart det eit år på reklamelina på Borgund yrkesskule, før han gjekk vidare på grafisk design i Trondheim.

I 1975 fekk Roar Hagen eit oppdrag for Sunnmørsposten, og heile tida under utdanninga leverte han teikningar i avisa. Dåverande redaktør Dagfinn Flem sette stor pris på arbeida hans, og han beklaga sterkt at avisa ikkje hadde råd til å tilsette han på heiltid.

I mellomtida hadde ørstingen møtt ho som skulle bli kona hans, og ho var frå Stavanger. Frå familien hennar fekk dei høyre at Stavanger Aftenblad var ute etter ein teiknar, og Roar Hagen melde si interesse.

– Dei sende meg opp i kantina, der eg måtte teikne i alt ti personar. Eg bestod opptaksprøva, og eg hadde mange gode år i avisa, fortel han.

Så var det at VG-teiknaren Pedro gjekk bort i 1986, og det som då var den største avisa i landet, og eigentleg den einaste verkelege riksavisa, måtte ha seg ein ny teiknar. Og då vart Roar Hagen «handplukka» til Akersgata av dåverande redaktør Andreas Norland.

– Ta ein sigar
– Eg kom inn på kontoret hans. Han sat med føtene på bordet, faktisk det store gamle skrivebordet etter Olaf Thommesen i Tidens Tegn, og røykte på ein sigar. Han spurde meg om eg treivst i jobben min. Det stadfesta eg, og då sa at han: Det er bra, for vi tilset berre folk som trivst i jobben sin. Når kan du starte? Her, ta ein sigar!

No har Roar Hagen vore i VG i snart 36 år, og han kjem nok til å halde på ei stund til, trass i at han nyleg fylte 68 år. Her har han ei fri rolle, og det trivst han med. Favorittstaden å jobbe akkurat no er Stortingsrestauranten, fortel han.

Elles har han gitt ut bøker, hatt mange utstillingar, og teikningane er trykte i aviser over heile verda. Han brukar sosiale medium som Facebook og Instagram som galleri. Han har teke i bruk eit teikneprogram på Ipad i arbeidet, noko som gjer arbeidsprosessen enklare når det nærmar seg deadline.

Det er all grunn til å vente meir skarpskodd satire frå Roar Hagen i åra som kjem.

Publisert: 23.04.2022 15:00

Sist oppdatert: 24.04.2022 00:02