Fiskarros i vente for Erna Solberg
Fiskebåtreiar Per Magne Eggesbø vil dele ut mest ros til Solberg-regjeringa når statsministeren kjem på Sunnmørsbesøk i helga.
Fiskerinæringa er veldig fornøgd med at norske styresmakter sto på sitt i forhandlingane om fordelingar av fiskekvotar mellom Storbritannia og Noreg.
Ei standhaftig line vil betale seg seinare sjølv om det ikkje blei ein avtale i første omgang, meiner fiskebåtreiar Eggesbø.
Det vil han også fortelje statsminister Erna Solberg når ho får omvisning ombord i fiskebåten Eros på søndag.
Eggesbø seier til NETT NO at han vil fortelje Solberg at han er nøgd med frihandelsavtalen med Storbritannia.
- Vi kan eksportere som vi har gjort tidlegare (før Storbritannia gjekk ut av EU, red.merk), seier han.
Suksesshistorie
Eggesbø vil også understreke at det er viktig med stabilitet i korleis fiskekvotane er fordelt, og at det ikkje blir endra på vilkåra for samanslåing av fleire kvotar på færre båtar.
Det er ingen grunn til å endre ein vellukka politikk, etter Eggesbø si vurdering, som mellom anna er nøgd med at framlegga i kvotemeldinga til Solberg-regjeringa ikkje fekk gjennomslag.
- Fiskeripolitikken har vore ein suksess. Vi har spreidd rikdomen langs heile kysten, seier Eggesbø.
Han vil og ta opp framlegget om ein kraftig auke i CO2-avgifta fram til 2030, som kan gjere drivstoffet til fiskeflåten fire gangar høgare enn i dag. Problemet er at teknologien for å få CO2-utsleppa kraftig ned ikkje er der førebels, slik at det blir ei avgift fiskarane ikkje kan investere seg ut av.
Valkamp og bedriftsbesøk
Laurdag skal Solberg legge ned grunnsteinen for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal på Hjelset i Molde og delta i lokale partiarrangement i Molde og Ålesund etterpå.
Søndag er det bedriftsbesøk, med start hos Prodtex i Ulsteinvik og deretter besøk og omvisning på Eros i Herøy, med Eggesbø og fiskebåtreiar og leiar for Fiskebåt Vest, Paul Harald Leinebø, som vertar.
Deretter møter Solberg fleire representantar for næringslivet i Herøy ved hovudkontoret hos Havila Holding.
Sjå heile programmet her (ekstern lenke)
Publisert: 18.06.2021 06:00
Sist oppdatert: 18.06.2021 08:24