Bygger bruer med halvert klimaavtrykk
Billegare pris var årsaka til at Statens vegvesen fatta interesse for Prodtex sin stålproduksjon. Men dei får langt meir på kjøpet.
(Sjå video frå produksjonen under)
Tysdag kunne Prodtex Industri fortelje nyheita om at dei hadde sikra eit oppdrag med å designe og bygge si første bru for bilar.
Produksjonsbedrifta i Vanylven inviterte samtidig pressa til ei orientering om kor langt dei er komne i å utvikle produksjonsmetoden det knyter seg stor spenning til.
– Dette er berre starten, seier direktør for forretningsutvikling, Tore Roppen, i Prodtex til NETT NO om utviklinga dei ser føre seg.
Mål om å levere fossilfritt stål i 2026
Då Statens vegvesen fatta interesse for arbeidet til Prodtex for nokre år sidan, var utgangspunktet utsiktene til å ein billegare måte å bygge bruer på.
Vi har eit mål om å levere fossilfritt stål innan 2026
Men metoden utgjer også ein langt mindre belastning på miljøet, kan Roppen fortelje.
– Vår produksjon har halve karbonavtrykket samanlikna med tradisjonell stålproduksjon, seier han.
Årsaka er mellom anna at ein slepp frakt rundt «halve jorda», og at det blir nytta svensk jernmalm i produksjonen i staden for kinesisk stål, som utgjer ein langt større klimabelastning.
Med i reknestykket høyrer også ein avtale Prodtex har gjort med kraftselskapet Tussa om levering av grøn straum.
– Vi har eit mål om å levere fossilfritt stål innan 2026, fortel Roppen.
(saka held fram under)
Basiskunnskapen viktig
Oppdraget med å lage den 50 meter lange bilbrua er eit utviklingsprosjekt, på same vis som gangbrua Prodtex fekk i oppdrag å bygge i fjor.
Sjølv om selskapet meiner metoden kan påverke mykje anna industriell produksjon, legg dei vekt på at arbeidet må gjerast steg for steg. Prosessen er ein vesentleg del av målet.
– Vi ser også at vi lærar ting vi ikkje hadde venta fordi vi har med oss basiskunnskapen om det vi jobbar med, fortel Roppen.
Han påpeiker at kompetanse tilsette har tileigna seg via fagbrev, er like viktig for utviklinga, som kunnskap om teknologi og miljø.
Sjå video frå produksjonen (lenke til Facebook)
(saka held fram under)
Les også
Utviklingsdirektøren fortel at robotane brukar langt kortare tid på ein operasjon, enn tradisjonelle metodar. Og dei ventar å korte ned tida langt meir.
– På arbeidet vi i dag brukar 40 minutt på, vil vi kanskje kome ned i godt under halvparten. I tillegg kan vi ha fleire robotar. Det gjer at vi har mykje å gå på når det kjem til å få produksjonen til å gå raskare, fortel han.
Roppen legg ikkje skjul på at ting har teke lengre tid enn dei håpte på, men erfaringa så langt er at metoden deira held stikk.
(saka held fram under)
Bygd på erfaring frå skipsindustrien
Lasersveisinga som Prodtex nyttar, er ei vidareføring av teknologien som har vore nytta til å bygge cruiseskip i skipsindustrien. Roppen er også overtydd om at oppdrag innan vindkraft, skipsbygging og havbruk kan vere aktuelle områder på sikt
– Potensialet for å spare pengar er stort
Prodtex er involvert i forarbeida til store fjordkryssingsprosjekt på E39, som Bjørnafjorden, Sulafjorden og Halsafjorden. Førebels er det eit stykke arbeid som står att før dei kan konkurrere om dei verkeleg store prosjekta.
Grunnen til at vi framleis er med på dette, er fordi vi har trua. Potensialet for å spare pengar er stort
Men sjefsingeniør Cato Dørum i utbyggingsdivisjonen til Statens vegvesen fortel at erfaringane så langt står til forventingane. Tidlegare har det vore anslått at det kan vere milliardar å spare i heile E39-utbygginga ved Prodtex sin byggemetode.
– Det er eit tidleg stadium, men grunnen til at vi framleis er med på dette, er fordi vi har trua. Potensialet for å spare pengar er stort, stadfestar han.
(saka held fram under)
Kan konkurrere om 870 meter lang bru
Når Prodtex har levert både gang- og sykkelbru, i tillegg til ei bru godkjent for køyretøy, er metoden i prinsippet godkjent for å delta i større prosjekt.
Sjefsingeniøren ser ikkje vekk frå metoden kan bli nytta i større omfang om kort tid.
– Det kan skje ganske fort. Vi førebur no moglegheita for å bygge ei 870 meter lang bru over Ramfjorden i Tromsø på denne måten. Då får vi første moglegheita til å teste om metoden er konkurransedyktig på eit større prosjekt, fortel han.
Dørum fortel at bruprosjektet står for tur til å gå ut på anbod neste år. Om Prodtex skulle få tilslaget på eit slikt oppdrag, vil det vere aktuelt å lage konstruksjonane på Fiskåholmen og slepe dei nordover.
Sjefsingeniøren legg til at metoden også gir større fridom i designprosessen fordi robotane kan sveise på nye måtar. Det opnar også for lettare konstruksjonar.
Les også
Publisert: 26.05.2021 05:55
Sist oppdatert: 26.05.2021 13:55