Helsekostlansering i USA i tredje kvartal
Nytt minuskvartal for Hofseth Biocare. Produktet som skal gi plussresultat skal lanseras i tredje kvartal.
Børsnoterte Hofseth Biocare i Ålesund vidareforedlar olje, protein og kalsium som er basert på restråstoff og avskjær frå oppdrettsnæringa.
Dei siste åra har selskapet auka forsking og produktutvikling for å vinne større innpass i helsekost-marknaden og også farmasi-marknaden.
I år vil selskapet ta eit langt steg mot vekst og lønsemd, sa Roger Hofseth då 2020-tala var klare. Han er dagleg leiar og stor aksjonær.
Hofseth Biocare ASA | ||
1. kvartal. I mill. kroner | 2021 | 2020 |
Driftsinntekter | 16,8 | 18,5 |
Driftsresultat | -25,0 | -16,0 |
Resultat før skatt | -26,8 | -17,9 |
I tredje kvartal i år skal Hofseth Biocare-baserte helsekostprodukt ut i USA marknaden under Garden of Life-varemerket.
Det Nestle-eigde selskapet Garden of Life signerte i 2019 ein intensjonsavtale med Hofseth Biocare om utvikle og distribuere helsekostprodukt i USA med ingrediensar frå Hofseth Biocare.
Avtalen ville gjere Hofseth Biocare til eit lønsamt selskap, sa Hofseth. Aksjekursen gjekk rett opp, og aksjekursen har halde seg høg sidan. Selskapet er i dag verdsett til 2,9 milliardar kroner på børsen.
Publisert: 21.05.2021 14:40
Sist oppdatert: 21.05.2021 14:41