Proton Elektro i Herøy blir ein del av Tussa Installasjon, ifølgje ei pressemelding.
Bakgrunnen for samanslåinga er å sikre lokale arbeidsplassar og skape nye moglegheiter for utvikling og vekst, blir det opplyst.
Begge bedriftene driv med installasjonsverksemd i elektrobransjen.
– Ved å kombinere ressursane og kompetansen til begge selskapa, vil vi kunne tilby betre tenester til kundane våre og oppretthalde eit stabilt og trygt arbeidsmiljø for medarbeidarane, uttaler styreleiar Bård Ottesen i Proton Elektro.
På flyttefot
Proton Elektro har vekse betydeleg dei siste åra, og omsette for meir enn 41 millionar i 2023.
Herøy -selskapet har i lengre tid sett etter ein samarbeidspartnar og er nøgd med løysinga dei har kome fram til.
Bedrifta har i dag 27 tilsette som flyttar til Tussa sitt nye forretningsbygg på Mjølstadneset. Frå 1. januar 2026 vert selskapet fusjonert med Tussa Installasjon.
Rekordomsetning og overskot i fjor
Tussa Installasjon er del av Tussa-konsernet med hovudkontor i Ørsta. Dei har 130 medarbeidarar, der 17 jobbar ved avdelinga på Mjølstadneset.
Dei har vore i marknaden på søre Sunnmøre i 75 år, og leverer tenester innanfor alle elektrotekniske fagområde til både private og bedrifter.
Fjoråret gav rekordomsetning knappe 190 millionar – og eit rekordhøgt overskot før skatt på nær 14 millionar.
Les også
Ser fleire synergiar
Administrerande direktør Roar Stenersen i Tussa Installasjon fortel at dei ser fleire synergiar ved å gå saman med Proton Elektro.
– Eit breiare tenestespekter innanfor maritim og landbasert industri, der tavlebygging blir ein sentral del, vil vere viktig for utviklinga av selskapet framover, uttaler han.
Bygginga av tavle og styresystem vil halde fram i Proton Elektro sine lokale på Mjølstadneset som tidlegare, ifølgje meldinga.
Publisert: 08.10.2024 14:08
Sist oppdatert: 08.10.2024 14:14