Tussa nytt bygg snorklipping foto marius 11
«RØYRKLIPPING»: Herøy-ordførar Bjørn Prytz (midten) fekk æra av å opna det nye bygget til Tussa på Mjølstadneset tysdag ved å kleppe over eit «trekkarrøyr». Foto: Marius Rosbach
Nytt

Vil få overskott med straum på gode soldagar

«Røyrklipping» for Tussa sitt nye utstillingsvindauge på Mjølstadneset.

Marius Rosbach
25.04.2023

Tysdag inviterte Tussa til opning av sitt splitter nye kontorbygg på Mjølstadneset i Herøy.

Dei siste vekene har Tussa Installasjon og Tussa IKT teke i bruk bygget, og framover skal alle kontorplassane i det kring 900 kvadratmeter store bygget fyllast opp.

– Målet er å fylle heile bygget med kontorplassar, og skape meir aktivitet og arbeidsplassar i området, fortalde Tussa Installasjon-sjef Roar Stenersen medan han viste gjestane rundt i bygget.

Tussa nytt bygg foto marius 11
LYSE LOKALER: Det er mykje vindauge og lys i det nye bygget til Tussa på Mjølstadneset. Foto: Marius Rosbach

Skal lade bilane med solenergi
Det nye Tussa-bygget vil vere eit utstillingsvindauge for smarte løysingar frå konsernet og er klassifisert som eit standard A-bygg som er den høgste standarden.

I tillegg til høg isolasjonsevne og smart energibruk, skal det installerast solceller på taket. Førebels er det for tidleg å seie kor mye energi det er mogleg å få frå solkraft, men på gode dagar vil bygget ha overskot på energi.

– Planen er at vi skal forsyne alle elbilane våre med straum, men også til drift og oppvarming av bygget, sa Stenersen.

God verkegrad for solenergi i nordvest
Mange er truleg skeptiske til verkegraden for solenergi på Nordvestlandet. Men prosjektleiar Per Kristian Kile kunne forsikre at det absolutt er effekt å hente, sjølv i grått og vått kystver.

– Medan eit solcelleanlegg på Austlandet vil kunne levere 85 prosent effekt i snitt, vil eit anlegg på Sunnmøre levere 77 prosent. Det er med andre ord ikkje så stor skilnad, sa Kile.

Tussa har opplevd kraftig auka i etterspurnaden etter solceller. I løpet av den siste tida har dei mellom anna installert solceller på taket til bedrifter som Volda Mat og A. Våge.

Tussa nytt bygg 11
NYINNFLYTTA: Det nye bygget til Tussa er teke i bruk i løpet av dei siste vekene. Foto: Marius Rosbach

Moderne bygg er også godt arbeidsmiljø
Konsernsjef Elling Dybdal var mellom dei som var med på opninga av bygget. Han påpeika at Tussa i dag er langt meir enn kraftproduksjon, men også breiband, it og elektroinstallasjon.

I tillegg til å vere eit bra og moderne bygg, var Dybdal overtydd om at eit slikt nybygg også ville bidra til eit betre arbeidsmiljø.

– Eg kunne tenkt meg å jobba her sjølv, sa han – før Herøy-ordførar Bjørn Prytz klepte over eit «trekkarrøyr» som markering av opninga.

Publisert: 25.04.2023 15:30

Sist oppdatert: 25.04.2023 16:38

Mer om