Berre fordelar med at tilsette er medeigarar
PROTON: Deler av staben ved Proton Elektro, frå venstre Trond Vikene, Margareth G. Løvøy, Morten Sylte, Karl Johan Rødset, Mats Roksvåg, Rolleif Roksvåg og Ruben Skeide. 
Nytt

- Berre fordelar med at tilsette er medeigarar

Herøy-bedrift aukar staben, utvidar lokala og vil at dei tilsette skal vere medeigarar.

12.08.2020
- Frå vår side er det ein bevisst politikk at flest muleg av dei tilsette skal vere medeigarar i selskapet.
- Då dreg alle lasset saman, vi har felles mål og det vert ei veldig enkel bedrift å leie.
Det seier dagleg leiar Karl Johan Rødset i Herøy-bedrifta Proton Elektro.
Han er sjølv ein av sju tilsette som er medeigarar. Snart er dei ni.

Aukar staben

Styreleiar er Bård Ottesen, som eig 50,3 prosent av selskapet.
- Målet er at dei tilsette etter kvart skal få att for investeringa i eige selskap. Sjølv om vi hadde eit bra år i fjor, så valde vi likevel ikkje å utbetale utbyte, men i staden styrke likviditeten. Det var alle samde om.
Totalt er det no 17 tilsette i selskapet, fire fleire enn ved årsskiftet.
- Alle tilsetjingane har vore innertiararar, seier Ottesen.

Utvidar lokala

Selskapet omsette i fjor for 18,5 millionar kroner, opp frå 12,2 millionar året før.
- Vi håpar på yttelegare vekst i 2020. Det ser bra ut, seier Ottesen.
Proton Elektro har base på Mjølstaneset. No skal bygget utvidast med 250 kvadratmeter i to etasjar, ei investering på rundt 3,5 millionar kroner.
- I første etasje vert det i hovedsak lager, i andre etasje i hovedsak administrasjon, seier Rødset.
Fleire av dei tilsette har vore med sidan selskapet heitte Sunnmøre Elektro, eit selskap som vart overtatt av Odim, deretter kjøpt av Rolls-Royce, og der deler av verksemda igjen vart overtatt av Alfred Nesset i Ålesund.

Reiar-kundar

I 2018 kom Bård Ottesen inn på eigarsida, og ein har no berre lokale aksjonærar.
- Det var nokre turbulente år, med mange eigarskifte, men no har vi stabile, lokale eigarar. Det er bra, seier Rødset.
Selskapet tek på seg dei fleste oppdrag innan elektrikarfaget, frå tavleproduksjon til husinstallasjon.
Dei fleste av kundane er på ytre søre Sunnmøre.
Blant kundane er også mange av båtane i Herøy, både offshorefartøy, større fiskefartøy og sjarkflåten.

- Vi skal ikkje ha korona

Rødset seier at så langt har ein ikkje merka store negative konsekvensar av koronapandemien.
- Unntaket er at logistikken går tregare, spesielt med forsendingar frå utlandet, og at ein del varer har vorte ein god del dyrare.
Internt er det streng kontroll på smitteverntiltaka.
- Vi gjer risikoanalyser før kvart einaste oppdrag.
- Vi skal rett og slett ikkje ha korona hos oss.
Rødset håper at erfaringane frå koronapandemien fører til at fleire bedrifter satsar norsk.
- Ja, vi kan ikkje ha det slik at vi er heilt avhengige av utlandet.
Målet er at dei tilsette etter kvart skal få att for investeringa i eige selskap

Publisert: 12.08.2020 05:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:00