Fredag kom årets ferske tal frå NAV som viser utviklinga i arbeidsløysa. Dei viser at det blei færre ledige totalt både i Vestland og Møre og Romsdal fylker.
4 093 er heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal, noko som utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 46 færre enn ved utgangen av november. Det er no 7 197 heilt eller delvis ledige i fylket, ein reduksjon på 74 den siste månaden.
Talet på utlyste stillingar i Møre og Romsdal har samtidig teke seg opp mot slutten av 2020 samanlikna med i 2019.
Begge fylka ligg under landsgjennomsnittet på 3,8 prosent arbeidsløyse i arbeidsstyrken. Dei permitterte utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken på landsbasis, ein liten nedgang sidan november.
Det er ein nedgang i talet på heilt ledige i alle fylke siste månad. Arbeidsløysa er høgast i Oslo og lågast i Nordland og Trøndelag.
Industrikommunen Ulstein skil seg ut med ein vekst i arbeidsløysa sidan februar på heile 159 prosent. Her har tala også gått noko opp den siste månaden.
– De siste månadene har skilnadene blitt mindre, men framleis er arbeidsløysa høgast på Sunnmøre og lågast på Nordmøre. Den siste månaden har Nordmøre hatt ei auke i heilt ledige på tre prosent, Romsdal ei auka på to prosent, medan Sunnmøre har hatt ein reduksjon på tre prosent, påpeikar NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal i ei .
Direktør Anne Kverneland Bogsne i NAV Vestland påpeikar i ei at det framleis er ein alvorleg situasjon og at mange verksemder, spesielt i reiselivet, slit tungt.
4 093 er heilt arbeidsledige i Møre og Romsdal, noko som utgjer 2,9 prosent av arbeidsstyrken. Dette er 46 færre enn ved utgangen av november. Det er no 7 197 heilt eller delvis ledige i fylket, ein reduksjon på 74 den siste månaden.
Talet på utlyste stillingar i Møre og Romsdal har samtidig teke seg opp mot slutten av 2020 samanlikna med i 2019.
Begge fylka under landssnittet
Desember-tala frå NAV viser også lågare arbeidsløyse i Vestland fylket. I desember er vel 12.300 personar registrerte som heilt ledige i Vestland. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,6 prosent.Begge fylka ligg under landsgjennomsnittet på 3,8 prosent arbeidsløyse i arbeidsstyrken. Dei permitterte utgjer 2,2 prosent av arbeidsstyrken på landsbasis, ein liten nedgang sidan november.
Det er ein nedgang i talet på heilt ledige i alle fylke siste månad. Arbeidsløysa er høgast i Oslo og lågast i Nordland og Trøndelag.
Størst auke i Ulstein under korona
På Nordvestlandet viser tala at det er store skilnader i utviklinga i dei ulike kommunane om ein samanliknar med situasjonen før koronapandemien slo til.Industrikommunen Ulstein skil seg ut med ein vekst i arbeidsløysa sidan februar på heile 159 prosent. Her har tala også gått noko opp den siste månaden.
– De siste månadene har skilnadene blitt mindre, men framleis er arbeidsløysa høgast på Sunnmøre og lågast på Nordmøre. Den siste månaden har Nordmøre hatt ei auke i heilt ledige på tre prosent, Romsdal ei auka på to prosent, medan Sunnmøre har hatt ein reduksjon på tre prosent, påpeikar NAV-direktør Stein Veland i Møre og Romsdal i ei .
- Sunnmøre: 2454 heilt ledige - 3,1 % av arbeidsstokken
- Romsdal: 925 heilt ledige - 2,8 % av arbeidsstokken.
- Nordmøre: 714 heilt ledige - 2,6 % av arbeidsstokken.
Mange fleire ledige i Stryn
Også reiselivskommunen Stryn skil seg ut i Vestland med kraftig auka i talet i NAV sine register. I Stryn er har det vore ei auka på 163 prosent sidan same periode i fjor. Kommunen har no 121 heilt ledige, som utgjer 3,1 prosent av arbeidsstyrken.Direktør Anne Kverneland Bogsne i NAV Vestland påpeikar i ei at det framleis er ein alvorleg situasjon og at mange verksemder, spesielt i reiselivet, slit tungt.
Tal for Nordfjord-kommunane:
- Stad: 124 heilt ledige - 2,5 prosent
- Stryn: 121 heilt ledige - 3,1 prosent
- Gloppen: 61 heilt ledige - 2,0 prosent
- Kinn: 230 heilt ledige - 2,5 prosent
De siste månadene har skilnadene blitt mindre, men framleis er ledigheita høgast på Sunnmøre og lågast på Nordmøre
Publisert: 18.12.2020 12:26
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:09