Enova bidreg med inntil 30 millionar kroner når Møre og Romsdal fylkeskommune held fram med elektrifisering av ferjesambanda.
– Ny teknologi i neste generasjons ferjer kan kutte store utslepp. Ferjesamband egnar seg godt til elektrifisering, og vi ser at ferjeprosjekta også driv utviklinga framover i maritim sektor generelt, seier marknadsdirektør Øyvind Leistad i Enova, i ei pressemelding.
– Vi er svært fornøgd med eit positivt tilsegn frå Enova. For å realisere gode miljøløysingar på ferjedrifta, er vi heilt avhengig av gode støtteordningar. Dette reduserer meirkostnaden som fylkeskommunen får ved å stille strenge miljøkrav.
- Vi ser frå tidlegare tildelingar frå Enova at vi oppnår store forbetringar for miljøet, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Teknologien har allereie utvikla seg betydeleg gjennom dei tidligare ferjeanboda, og Enova meiner Noregs verdsleiande maritime næring har føresetnader til å drive teknologiutviklinga framover, og at prosjekt som dette spelar ei viktig rolle:
– For å få fleire leverandørar på banen og bygge denne marknaden, er det viktig med tydelege signal frå myndigheiter og oppdragsgivarar om at elektrifisering er vegen framover. Derfor er vi glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett med dei høge ambisjonane sine, seier Leistad i Enova.
Sambanda som no har fått støtte, er to av fire i «Indre Sunnmørspakken» som har oppstart i januar 2020.
– Ny teknologi i neste generasjons ferjer kan kutte store utslepp. Ferjesamband egnar seg godt til elektrifisering, og vi ser at ferjeprosjekta også driv utviklinga framover i maritim sektor generelt, seier marknadsdirektør Øyvind Leistad i Enova, i ei pressemelding.
Strenge miljøkrav
Støtten frå Enova går til infrastruktur for å lade ferjene ved kai. Støtta gjer at fylkeskommunen kan stille strengare miljøkrav mellom anna når ferjesambanda Stranda – Liabygda og Eidsdal Linge.– Vi er svært fornøgd med eit positivt tilsegn frå Enova. For å realisere gode miljøløysingar på ferjedrifta, er vi heilt avhengig av gode støtteordningar. Dette reduserer meirkostnaden som fylkeskommunen får ved å stille strenge miljøkrav.
- Vi ser frå tidlegare tildelingar frå Enova at vi oppnår store forbetringar for miljøet, seier Arild Fuglseth, samferdselssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Forbetra teknologi
Fylkeskommunen viser til at sidan sambanda er svært energikrevjande og liggetida ved kai er rundt 3–4 minutt, blir det behov for ein svært effektiv ladeteknologi.Teknologien har allereie utvikla seg betydeleg gjennom dei tidligare ferjeanboda, og Enova meiner Noregs verdsleiande maritime næring har føresetnader til å drive teknologiutviklinga framover, og at prosjekt som dette spelar ei viktig rolle:
– For å få fleire leverandørar på banen og bygge denne marknaden, er det viktig med tydelege signal frå myndigheiter og oppdragsgivarar om at elektrifisering er vegen framover. Derfor er vi glade for at Møre og Romsdal fylkeskommune fortsett med dei høge ambisjonane sine, seier Leistad i Enova.
558 el-millionar
Han fortel vidare at Enova no har gitt tilsegn om inntil 558 millionar til elektrifisering av i alt 28 ferjesamband i Møre og Romsdal, Hordaland og Sør-Trøndelag.Sambanda som no har fått støtte, er to av fire i «Indre Sunnmørspakken» som har oppstart i januar 2020.
Vi ser frå tidlegare tildelingar frå Enova at vi oppnår store forbetringar for miljøet
Publisert: 22.10.2020 10:21
Sist oppdatert: 07.04.2021 18:11