Her kjem foerste skipet med X stern
X-STERN: Her kjem skroget av det første offshore vind-skipet til Ulstein Verft frå skrogverftet i Polen.
Nytt

Her kjem første skipet med X-stern

Ulstein startar no utrustninga av det første vindmølleskipet til Bernhard Schulte. Skipet er også første med X-stern.

05.01.2016
Skipet kom 3. januar til Ulstein frå skrogverftet i Polen.
Det opplyser Ulstein i ei pressemelding, basert på ei melding frå tyske Bernhard Schulte Offshore.
I løpet av dei neste månadene vil skipet verte utrusta og malt, før prøveturperioden startar ut på vårparten.
Med oppstart i sommar skal fartøyet arbeide på Gemini-vindparken i Nederland for Siemens Wind Power Service.

Første av to

Skipet er eitt av to SOV-ar som Bernhard Schulte Offshore/Windea skal levere til Siemens.
I pressmeldinga vert det opplyst at bruken av denne typen skip (SOV-ar) vil effektivisere serviceoperasjonar på vindparkar.
- Fartøyet fungerer som ein påliteleg og miljøvenleg plattform for drift og vedlikehald av vindmøller, til overnatting og transport av teknikarar og vil gje eksepsjonelt sikker tilgang til installasjonar offshore.

Samarbeid på tvers

Det vert vist til at med -designet har eit designteam som samarbeidde på tvers av selskapa Ulstein Design & Solutions, Windea, Bernhard Schulte Offshore og Siemens utvikla eit fartøy som heilt og fullt tilfredsstiller behova til offshorevindindustrien.
Skipet er 88 meter langt, 18 meter breidt og vil verte innreidd for 60 personar.

Ny skrogform

SOV-skipa er dei første fartøya med den nye skrogforma X-stern.
I pressemeldinga vert det vfist til at eit fartøy med X-stern kan verte plassert med akterenden i staden for baugen mot vêret, noko som gir forbetra eigenskapar ved tøffe vêrforhold, større evne til å operere i dårleg vêr, og redusert kraft- og drivstofforbruk medan det ligg på DP (dynamisk posisjonering).
Fartøyet fungerer som ein påliteleg og miljøvenleg plattform

Publisert: 05.01.2016 10:53

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:52