Lote og Sulafjord
TYSFJORDEN: MF Lote er ombygd for å gå på elektrisitet over Tysfjorden, medan MF Sulafjord (bak) er reservefartøy. Foto: Fjord1
Nytt

Her kjem verdas lengste el-ferjesamband

Det manglar framleis nok straum, men Tysfjorden i Nordland får snart verdas lengste elektriske ferjesamband.

01.12.2022

I dag tek Fjord1 over drifta av riksvegferjene over Tysfjorden i Nordland. Ifølgje kontrakta skal alle dei ordinære ferjene over Tysfjorden driftast med elektrisitet. No startar testperioden mellom Drag og Kjøpsvik, som vert landets – og verdas – lengste el-ferjesamband.

Den nye ferjekontrakta mellom Statens Vegvesen og Fjord1 omfattar både riksveg 827 mellom Drag og Kjøpsvik og E6 mellom Bognes og Skarberget. Her vert det hyppigare avgangar alle dagar og auka kapasitet på sommaren.

– Noreg ligg heilt i front når det gjeld det grøne skiftet innan maritim transport. Det er ekstra gledeleg at vi no får grøne ferjer også i nord, på eit samband som berre for nokre år sidan vart vurdert som for langt, dyrt og komplisert for nullutsleppsløysingar, seier divisjonsdirektør Bjørn Laksforsmo i Statens vegvesen, i ei pressemelding.

Ventar på ny kraftline
Fjord1 set inn tre fartøy, som er ombygd for å vere tilpassa el-ferjedrift. MF Lote og MF Glutra er allereie på plass på E6 mellom Bognes og Skarberget. Ferjekaiane er imidlertid ikkje tilpassa el-drift enda, grunna forseinkingar i framføringa av ny kraftlinje til Bognes. Ferjekaiene skal vere ferdig ombygd og klar for el-drift til hausten.

Dermed vert MF Fannefjord først ut med el-drift over Tysfjorden når fartøyet er ferdigstilt på nyåret. Med ein overfart på 14,8 kilometer vert dette verdas lengste el-ferjesamband.

- Fantastisk utvikling
I mellomtida vil reserveferja MF Sulafjord ta trafikken mellom Drag og Kjøpsvik.

– Det er svært imponerande å sjå korleis teknologien har utvikla seg dei siste åra. Det er ikkje mange år sidan vi starta med å drifte ei strekning på 4,8 km kun på elektrisitet, mens vi no skal drifte drifte verdas lengste elektriske samband. Utviklinga har vore fantastisk, seier regionleiar i Fjord1, Jan Petter Thomsen, i pressemeldinga.

Det var for øvrig Fjord1 si ferje MF Glutra som starta energi-revolusjonen med flytande gass (LNG) i 2000, og som i nyombygd versjon gjer det mogleg å reise med nullutslepp frå Svinesund til Kirkenes.

Frå i dag blir rutetilbodet på E6 utvida, og det skal vere tre ferjer i heilårleg drift, mot tidlegare to. Dette betyr at det vert fleire avgangar på dagtid, når trafikken er størst. På sommaren vert det ekstra avgangar.

Fjord1 opplyser at det også kjem sveler på plass i kioskane om bord.

Publisert: 01.12.2022 08:40

Sist oppdatert: 01.12.2022 08:45

Mer om