Njål per sævik montasje havila shipping kystruten foto havila rune paulsen 11
PLUSS I FJOR: Havila Holding-konsernet der Per Sævik er dagleg leiar og Njål Sævik er stryreleiar, enda med solid pluss i 2021 etter sal av Fjord1-aksjar. Foto: Rune Paulsen/Havila Kystruten/Havila
Nytt

Milliardgevinst sikra pluss

Havila-konsernet gjekk frå milliardtap til overskot etter sal av Fjord1-aksjar.

Marius Rosbach
13.10.2022

Havila Holding snudde eit underskot på nær to milliardar i 2020, til eit overskot på nær 950 millionar i fjor. Det viser årsrapporten frå Herøy-konsernet som nyleg blei offentleg.

Det er gevinst frå Fjord1-sal som sørger for at det omfangsrike konsernet eigd av Sævik-familien, fekk overskot i fjor.

I årsrapporten er det bokført 1,81 milliardar kroner frå salet av halvparten av aksjane i ferjeselskapet. Det førte til eit delt eigarskap med amerikanske Vision Rigde Partners.

Ute av konsernrekneskapet
Omorgansiering og nedsal i Havyard og Fjord1 er mellom årsakene til at omsetninga i Havila Holding fekk eit kraftig fall i 2021 - ettersom selskapa no ikkje blir rekna med i konserntala.

Inntektene for konsernet stoppa på 1,14 milliardar i fjor, et fall frå 4,5 milliardar året før (sjå tabell under).

Etter at nedskriving av store skipsverdiar førte til kjempeminus i i Havila Holding 2020, var dei samla av- og nedksrivingar på «berre» drygt 850 millionar kroner i 2021.

Havila Holding (konsern)
Årsresultat (i mill kr)


2021
2020
Driftsinntekter
1.147
4.528
Driftsresultat
-602,3
-414,7
Res. før skatt
-1.114
-1.193,5
Konsolidert med Fjord1 1.819,4 -
Årsresultat 944,1 -1198,8

Store skipsverdiar
Havila Holding er eigd av Per Sævik og barna, og driv alt frå offshorereiarlag, Kystruten og nemnte Fjord1, til reiselivsbedrifter, skipsbygging, eigedom og skipsteknologi.

Konsernet har skipsverdiar i Havila Shipping på kring to milliardar, og eig halvparten av Volstad Maritime Holding som har åtte skip i flåten.

Reiselivssatsing og tap på kystruten
Dei siste åra har konsernet utvida satsinga på reiseliv, og eig mellom anna Hotell Ivar Aasen, Raftevold Hotel og Geiranger Hotelldrift.

Hotell og reiseliv er også den delen av konsernet som er verst ramma av koronapandemien.

Havila Kystruten opplevde at både bygginga av skipa blei forseinka i Tyrkia, samtidig som pandemien førte til dårleg bookingtal.

Stigane gassprisar har ført til at reiarlaget har fått auka kostnadene sine langt meir meir enn venta.

Eigenkapital på 2,5 milliardar
Eigenkapitalen i konsernet var på drygt 2,5 milliardar kroner ved utgangen av fjoråret – ei auke på kring 800 millionar siste året.

Styret påpeiker at svingingane i oljerelaterte næringer påverka resultatet i fjor. Dei ventar at det kan halde fram det komande året – samtidig som utviklinga i verftsindustrien kan påverke resultatet.

Sævik-familien tok ut 30 millionar kroner i utbytte frå holding-selskapet, ifølgje rekneskapen.

Havila Holding eig 33,34 prosent av Bakkar og Berg Media, som gir ut NETT NO.

Publisert: 13.10.2022 10:41

Sist oppdatert: 14.10.2022 00:40

Mer om