Her vert Singapore kontrakten signert
AVTALE: Salssjef Richard Gjerde og prosjektleiar Frank Otterlei (bak) saman med representantar frå reiarlag og verft under signering i Shanghai.
Nytt

Her vert Singapore-kontrakten signert

Her signerer salssjef Richard Gjerde i Marin Teknikk ein kontrakt som sikrar at 110 ingeniørar har godt med arbeid i 2016 og deler av 2017.

14.12.2015
Herøy-selskapet skal også stå for design og engineeringstenester for to 103 meter lange offshore dykker- og konstruksjonsskip for Singapore-baserte Ultra Deep Offshore.
Richard Gjerde seier til NETT NO at det har vorte utført eit omfattande salsarbeid før alt var på plass.
- Det har vore intensivt, spesielt frå sommaren av, og vi er svært glade for å ha lukkast med prosjektet.

Langvarig arbeid

I ei pressemelding frå Marin Teknikk opplyser adm. dir Svein Rune Gjerde at Herøy-selskapet har arbeidd i tre år med Ultra Deep Offshore for å utvikle fleire avanserte dykkerskip.
- Med denne nye kontrakten, meiner vi at vi igjen viser Marin Teknikk sin sterke posisjon i OSV-marknaden og at vi er blant verdas leiande designarar av avanserte dykker- og offshore konstruksjonsskip.

Norske underleverandørar

Gjerde opplyser at det vert fleire norske underleverandørar i kontrakten, ein kontrakt som vart offentleggjort til stor jubel under selskapet sitt julebord.
Dei to skipa skal byggast ved kinesiske Wuchang Shipbuilding Industry Group.
Skipa er av eit nyutvikla MT6023 DSCV design, og skal utrustast med eit 18-manns dykkersystem, for operasjonar ned til 300 meters djupne.

138 personar

Skipa vil vere 103 meter lange og 23 meter breie, ha høg standard innreiing for 120 personar pluss 18 dykkerar.
Om bord skal skipa ha to hiv-kompenserte subseakraner, ei 150 tonn offshorekran med kapasitet ned til 3000 meter havdjupne, og ei 20 tonns offshorekran for operasjonar ned til 300 meter.
I tillegg vert skipa arrangerte for to fjernstyrte ubemanna miniubåtar for operasjonar ned til 3000 meters havdjup.
Skipa får 800 kvadratmeter ope dekksareal, samt 150 kvadratmeter på båtdekk over dykkerhangaren.

Arbeid for 110 ingeniørar

Marin Teknikk opplyser at det første skipet er planlagt levert i midten av 2018, og skip nummer to i slutten av 2018.
Selskapet opplyser at kontrakten er med på å sikre arbeid for 110 ingeniørar i Norge og Polen for deler av 2016 samt litt inn i 2017.
- Marin Teknikk arbeider også med fleire nye og spennande design til fiskeri, yacht, cruise og offshore mining-industrien, vert det opplyst i pressemeldinga.
Marin Teknikk arbeider også med fleire nye og spennande design

Publisert: 14.12.2015 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51