Ronja vest myklebust 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
VIKTIG: Brønnbåtmarknaden har vore viktig for verfta på Nordvestlandet siste åra. Her er Ronja Vest på veg frå Myklebust Verft til skipsdåp på Stord i 2021. Slik Foto: Myklebust Verft
Nytt

Ingen nye brønnbåtar etter lakseskatten

Nye skip for 3,8 milliardar bestilt hittil i år. Ingen brønnbåtkontraheringar sidan 28. september i fjor.

05.05.2023

- Urovekkande lavt, seier administrerande direktør Asle B. Strønen i sal- og marknadsføringsorganisasjonen Norske Skipsverft om ordreinngangen for norske verft i år.

Norske Skipsverft registrerer kontraktar på over 50 millionar kroner i statistikken sin, og har så langt i år register åtte nybygg for til saman 3,5 milliardar kroner.

Ordreinngangen er langt under det som må til for å utnytte produksjonskapasiteten hos verfta, ifølge Strønen.

Om spådomen frå Clarkson-analytikar Vegard Vollsæther om nye kontraktar til verfta går i oppfylling vil det vere kjærkome.

I fjor signerte norske skipsverft kontraktar for 22 nybygg for til saman 6,6 milliardar kroner. I 2021 var tala 26 nybyggingskontraktar for tilsaman 9,3 milliardar kroner. ifølgje statistikken til bransje- og salsorganisasjonen Norske Skipsverft.

Stopp frå havbruk
Dei siste åra har bygging av brønnbåtar til oppdrettsnæringa vore ein viktig kunde for verfta, der Larsnes Mek. Verksted og Aas Mek. Verksted har fått flest oppdrag.

28. september 2022 varsla regjeringa at den ville innføre grunnrenteskatt for den sjøbaserte oppdrettsnæringa.

Etter det er det ikkje bestilt brønnbåtar hos norske skipsverft.

– Ingen båtar er bestilt til havbruksnæringa etter at grunnrentedebatten tok fyr. Her klandrar vi regjeringa for manglande konsekvensanalyser og altfor grovkalibra skyts i debatten, seier Strønen.

Skatteauken skal gjelde for 1. januar i år, men er enno ikkje vedteken. Etter ei høyringrunde har regjeringa endre framlegget til satsen på grunnrenteskatten, frå 40 til 35 prosent. Grunnrenteskatten skal kome i tillegg til den ordinære selskapsskatten på 22 prosent.

Går alt etter planen kan Stortinget ta stilling til skatten i vår.

Ordretørke
Det er ikkje berre skipsverfta som merkar at oppdrettsnøringa har sett investeringar på vent.

NETT NO skreiv i førre veke om konsekvensen framlegget om grunnrenteskatt har hatt for bedriftene som levere utstyr og anlegg til oppdrettselskapa.

NETT NO spurte bedrifter på Nordvestlandet som leverer utstyr og tenestar til oppdrettsnæringen om storleiken på ordreinngangen frå norske kundar i oppdrettsbransjen etter 28. september 2022.

Svaret var i praksis null.

Kommunikasjonssjef Øyvind André Haram i bransje- og arbeidsgiverorganisasjonen Sjømat Norge, sa svara bedriftene på Nordvestlandet gir, er det samme i hele landet.

Oppdrag er satt på vent, eller utsatt.

Sjømat Norge anslo i oktober fjor at investeringer på over 30 milliarder kroner kroner var satt på vent, eller avlyst etter at forslaget om grunnrenteskatt kom. Det gjelder fortsatt, ifølge Haram.

Publisert: 05.05.2023 11:00

Sist oppdatert: 05.05.2023 10:58

Mer om