Hexagon i minus
Hydrogen og store mobile gasstankar drog resultatet ned.
Hexagon Composites går i pluss i den viktigaste delen av verksemda si, drivstofftankar og -system for bussar og lastebilar som brukar naturgass som drivstoff. Også Hexagon Ragasco, som lagar små bærbare behaldarar for naturgass, hadde positivt driftsresultat gjennom heile 2020.
Produksjon og sal av store mobile gasstankar, som mellom anna blir brukt som energikjelde ved utvinning av skiferolje og -gass, fekk ein smell då den verdsomspennande koronaeopidemien gjorde at olje- og gassetterspørselen stupte, ifølgje ei børsmelding.
Sjå resultatpresentasjonen ved å klikke på denne lenka
Også hydrogenverksemda til Hexagon Composites gjekk i minus. Hexagon Composites skilte seint i fjor ut produksjonen og sal av driftstofftankar og - system for hydrogen som drivstoff. Verksemda vart samla i Hexagon Purus og børsnotert 14. desember 2020.
Les 2020-resultatet til Hexagon Purus her: Varslar større underskot i år
Hexagon Composites ASA | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 3080 | 3416 |
Driftsresultat | -59 | 120 |
Resultat før skatt | -53 | 111 |
Hexagon Composites ASA | ||
4. kvartal. I mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 803 | 942 |
Driftsresultat | 7 | 36 |
Resultat før skatt | -41 | 4 |
Milliardar i hydrogen
Hexagon Composites eig 75 prosent av aksjane i Hexagon Purus etter børsnoteringa. Det er ein aksjepost som er verdt 11,2 milliardar kroner ut frå børsverdien til Hexagon Compositets før børsen opnar i dag.
Børsverdien av Hexagon Composites er 13,4 milliardar kroner.
Betre resultat utan Hexagon Purus
Hexagon Composites viser og fram eit proformareknskap som viser korleis tala ville sett ut om Hexagon Purus hadde vore skilt ut frå selskapet i heile 2020.
Driftsinntektene ville gått ned frå 3,1 til 2,9 milliardar kroner og driftsresultatet før av- og nedskrivingar (ebitda) ville gått opp frå 190 til 322 millionar kroner.
Publisert: 17.02.2021 07:22
Sist oppdatert: 27.02.2021 15:51