B6207255 0c1c 4707 a232 91eda74e4a10
TIL NORDVESTLANDET: Selskapet Hexagon Purus Maritime etablerer seg i Langevåg. Skal bane veg for hydrogen i skipsfarten. Illustrasjonsfoto: Hexagon Purus
Nytt

Hexagon Purus-etablering i Langevåg

Får støtte frå Innovasjon Norge til å bygge demonstrasjonsanlegg for hydrogen.

03.10.2023

Anlegget skal vere ein «fullskalamodell av et maritimt hydrogendrivstoffsystem», skriv Hexagon Purus Maritime i ei pressemelding.

Hexagon Purus Maritime er eit datterselskap av Hexagon Purus, og blir det første driftsselskapet i konsernet med verksemd i Noreg.

Planen er å ha 10 tilsette i Langevåg, som skal halde til i lokale ved Devoldfabrikken.

Pressemeldinga opplyser ikkje kor mykje Innovasjon Norge gir i støtte, og kva anlegget vil koste.

Maritim satsing
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar. Dotterselskapet Hexagon Purus Maritime arbeider spesielt mot den maritime marknaden.

Anlegget i Langevåg omfattar alt utstyret frå fylling av hydrogen, via lagring og fram til brenselsecella som produserer elektrisitet. (I og med anlegget skal stå i lokale som ikkje er spesialbygd skal det av tryggleiksomsyn brukast nitrogen i staden for hydrogen i anlegget journ. anm.).

Opplæring og utvikling
Anlegget skal brukast både til demonstrasjon av korleis eit slikt anlegg fungerer, opplæring og trening i bruken - og til Hexagon Purus Maritime sitt eige utviklingsarbeid, seier dagleg leiar Robert Haugen i Hexagon Purus Maritime.

Opplæringsfartøyet Skulebas skal få installert eit slikt anlegg om bord, og blir den første norske fiskebåten som tek hydrogen i bruk som energiberar.

Offisiell lansering neste år
Målet til Hexagon Purus Maritime er at hydrogen skal vinne innpass i skipsfarten, og det skal anlegget i Langevåg hjelpe til med.

Planen er å gjennomføre ei offisiell lansering av utviklingssenteret og
demonstrasjonsmodellen neste år.

Publisert: 03.10.2023 10:51

Sist oppdatert: 11.10.2023 06:05

Mer om