Skulebas foto Hvide sande shipyard
FØRST UTE: Skulebas blei bygd for å kunne ta i bruk hydrogen som energiberar. No er det klart kven som skal levere anlegget. Foto: Hvide Sande Shipyard.
Nytt

Skulebas skal gå på hydrogen

Får hydrogentankar frå Hexagon Purus.

02.10.2023

Skulebas, opplæringsfartøyet til Måløy Vidaregåande skule og Fagskulen i Måløy blir utstyrt med brenselcelle frå Corvus Energy og hydrogentankar frå Hexagon Purus.

Fartøyet blei overlevert frå Hvide Sande Shipyard i Danmark tidlegare i år og har nettopp kome attende til Måløy etter eit fire veker langt tokt for å kartlegge pigghåbestanden langs Norskekysten.

Skipet blei bygd slik at det også skulle kunne ta i bruk hydrogen som energiberar. Tankar og brenselcelle blir plassert i ein kontainer på dekk. Kontaktlærar Stig Oldeeide ved Måløy Vidaregåande Skule seier fartøyet har ein stram tidsplan framover, men at han håpar anlegget kan vere på plass før påske.

Null utslepp
Ved å bruke elektrisitet for å spalte vatn kan ein produsere hydrogen. Ei brenselcelle reverserer den prosessen og frigjer energi som blir brukt til å produsere elektrisitet, som i sin tur driv elektromotorane. Dersom hydrogenet er produsert av elektrisitet frå vasskraft, vindkraft, sol- eller atomkraft er det ein energiberar utan utslepp av CO2.

Både dagens og førre regjering står bak ein politikk som vil auke kostnaden for CO2-utslepp ved å auke avgiften på diesel. Målet er å få ned CO2-utsleppa.

Først ute
Utfordringar med plassbehov, lite erfaring med teknologien og spørsmål om pris gjer at eit skifte frå diesel til hydrogen er ein stor operasjon.

Skulebas vil gi fiskeflåten dei første erfaringane med hydrogen og eventuelt bane veg for hydrogen som eit reelt alternativ til diesel.

Les børsmelding frå Hexagon Purus her og pressemelding frå Corvus Energy her.

Publisert: 02.10.2023 12:52

Sist oppdatert: 02.10.2023 12:53