Hexagon Purus overteikna
SMELL: Knut Flakk og familen er nest største eigar i Hexagon Composites, som eig 73,29 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Hexagon Purus-stup på børsen

Avtale om 10 milliardar gjekk i vasken - fall over 20 prosent ved opning.

25.05.2022

10-milliard-avtalen som ikkje blir noko av gjorde at verdien av Hexagon Purus fall med 1,9 milliardar kroner då børsen opna i dag.

Ved børsslutt tysdag var ein aksje i Hexagon Purus verdsett til 35,22 kroner. Straks etter opning var kursen 27,44 kroner per aksje, før den steig litt. Klokka 09:17 er kursen 28,42 kroner per aksje, som verdset selskapet til 7,2 milliardar kroner.

Det er ein nedgang på 19, 1 prosent samanlikna med i går.

Henta pengar
Natt til onsdag melde Hexagon Purus at ein kunde hadde trekt seg frå ein avtale som kunne gitt Hexagon Purus 10 milliardar kroner i inntekter fram til 2029.

Det var den første av to avtalar om moglege leveringa av batteripakkar til store køyretøy som Hexagon Purus har meldt om tidlegare i år.

Etter at selskapet melde om dei to moglege kontraktene - som medverka til at aksjekursen steig - hente Hexagon Purus inn 600 millionar kroner i ei kapitalutviding til kurs 24,25 kroner per aksje.

Børsnotert
Hexagon Purus vart børsnotert i 2020, etter å ha blitt skilt ut av Hexagon Composites. Hexagon Composites eig 73,29 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Flakk-familien i Ålesund er nest største aksjonær og Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites. Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund.

Hexagon Purus er kjent for å lage drivstofftankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar, men satsa tidleg i 2018 også på batteri - allereie før selskapet vart skilt ut frå Hexagon Composites.

Hexagon Composites lagar tankar og system for naturgass og biogass som drivstoff og energikjelde.

Publisert: 25.05.2022 09:10

Sist oppdatert: 25.05.2022 10:53

Mer om