Hexagon Purus over ni milliardar
AVTALE I VASKEN: Hexagon Purus-sjef Morten Holum har dårleg nytt til aksjonærane i dag.
Nytt

Milliard-avtale avlyst

Hexagon Purus-kunde trekkjer seg.

25.05.2022

Om kvelden 31. januar i år melde Hexagon Purus at selskapet var i sluttforhandlingar med ein ikkje namngitt kunde om levering av batteripakkar til store lastebilar.

No har den moglege kunden trekt seg, melder Hexagon Purus i ei børsmelding.

Om kontrakten vart noko av kunne den gitt Hexagon Purus opptil 10 milliardar kroner i inntekter.

Kurshopp
Dagen etter at børsmeldinga om avtalen vart sendt ut i vinter, steig aksjekursen til Hexagon Purus med 57 prosent ved børsopning.

Nyheita om kanselleringa førte til at aksjen stupte ved børsopning onsdag.

Flakk største eigar
Hexagon Purus vart børsnotert i 2020, etter å ha blitt skilt ut av Hexagon Composites. Hexagon Composites eig 73,29 prosent av aksjane i Hexagon Purus.

Flakk-familien i Ålesund er nest største aksjonær og Knut Flakk er styreleiar i Hexagon Composites. Begge selskapa har hovudkontor i Ålesund.

Kursnedgang på børsen
Ved børsnoteringa var til kursen til Hexagon Purus 40 kroner. Tidleg i januar 2021 nådde kursen ein topp på 82,10 kroner aksjen.

Deretter gjekk det nedover i rykk og napp til aksjekursen i januar 2022 nådde sitt hittil lågaste nivå, 15 kroner aksjen. Årets toppnotering er 41,50 kroner aksjen, 13. april.

Ved børsslutt i går var kursen 35,22 kroner, som verdset selskapet til 9,1 milliardar kroner.

Oppdrag til 2029
Den ikkje namngitte kunden trekkjer seg av grunnar som ikkje har noko med kvaliteten til produktet eller den teknologiske kapasiteten hos Hexagon Purus, skriv selskapet i børsmeldinga.

Kontrakten skulle gjelde åra 2024-2027, og eventuelt forlengast til 2029.

Den ville gitt oppdrag for minst sju milliarder kroner for Hexagon Purus, og 10 milliarder kroner om avtala blei forlenga til 2029.

Elektrisk satsing
Hexagon Purus er kjent for å lage drivstofftankar og -system for bruk av hydrogen som energiberar, men satsa tidleg i 2018 også på batteri - allereie før selskapet vart skilt ut frå Hexagon Composites. (Hexagon Composites lagar tankar og system for naturgass og biogass som drivstoff og energikjelde)

Batteripakken til kunden som no har trekt seg skulle byggast på Hexagon Purus sin nye fabrikk i Kelowna i Canada. Fabrikken er under bygging og skal vere klar til drift i 3. kvartal i år.

Ny milliardavtale
Batteriavtalen med den ukjente kunden, som no har gått i vasken, var den først av to slike avtalar Hexagon Purus har sendt melding om i år.

Fredag 11. februar varsla selskapet har det har inngått ein intensjonsavtale med lastebilprodusenten Hino Motors Manufacturing U.S. Inc. om å levere batteripakkar for rundt ni milliardar kroner frå 2024.

Hexagon Purus har hatt eit utviklingssamarbeid med Hino Motors Manufacturing sidan 2020.

Publisert: 25.05.2022 06:02

Sist oppdatert: 25.05.2022 10:29

Mer om