Hexagon tek over USA fabrikk
NY FABRIKK: Hexagon Composites-sjef Jon Erik Engeset og selskapets toppsjef i USA, Jack Schimenti. No har dei to fabrikkar i USA.
Nytt

Hexagon tek over USA-fabrikk

Hexagon Composites tek over alle aksjane i amerikansk fabrikk.

01.02.2017
Kjøpet er ein del av avtalen om å kjøpe den tyske konkurrenten Xperion Energy & Enviroment, som Hexagon Composites varsla om i oktober.

Xperion Energy & Enviroment har to fabrikkar, ein i Tyskland og ein i USA. I første omgang tok Hexagon over heile fabrikken i Tyskland, men berre halvparten av aksjane i Xperion Energy & Enviroment sin fabrikk i Ohio i USA. No melder selskapet at det tek over den amerikanske fabrikken full ut.

Ingen kommentar

Etter kjøpet sit Hexagon Composites med ein fabrikk i Ohio og ein i Nebraska, den siste driven i samarbeid med sin amerikanske partnar Agility Fuel System.

Kommunikasjonsdirektør Solveig Sæther vil ikkje kommentere om det er aktuelt å slå saman produksjonen i USA i ein fabrikk.

Kursfall

Like etter at Hexagon Composites varsla om kjøpet av Xperion Energy & Enviroment nådde kursen ein topp for året, 32,40 kroner pr. aksje.
Etterpå har kursen vore fallande, og er i dag klokka 11:15 24,50 kroner pr. aksje, som er 11 prosent høgare enn ved starten av året. Selskapet er no verdsett til 4,2 milliardar kroner på børsen.

Publisert: 01.02.2017 20:11

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:04