Hide går til Marin Teknikk
Startar i nyoppretta stilling i skipsdesignselskapet.
Inge-Jonny Hide er tilsett som administrasjonssjef i Marin Teknikk, opplyser Herøy-selskapet i ei pressemelding.
Hide som mellom anna har vore verftsdirektør ved Myklebust-verftet i nabokommunen, er allereie i full gong og starta i stillinga 1. november.
- Vi er glade for å ønskje Inge-Jonny om bord til oss her i Dragsund og ser fram til å kunne gjere bruk av hans breie kompetanse både frå dei indre ulike fagområda i ei verksemd spesielt og erfaringar frå den maritime industrien generelt, uttaler dagleg leiar Svein-Rune Gjerde i Marin Teknikk i meldinga.
Nyoppretta stilling
Det dreiar seg om ei nyoppretta stilling der målet er å styrke leiarkapasiteten i skipsdesignselskapet, legg han til.
Hide har leiarerfaring både innanfor kommunikasjons-, sals- og marknadsarbeid og frå personal og organisasjonsutvikling. Han har også hatt ansvar innanfor økonomi, IT og implementering av forretningssystem. Han har også toppleiarerfaring og lang erfaring frå styrearbeid.
Les også
Nokre kjenner han óg som lokalpolitikar for Høgre i Sande.
- Eg kjenner Marin Teknikk som eit lokaleigd og solid design- og
engineeringselskap, og eg gleder meg til å få høve til å vere med på
selskapet si vidare satsing, seier Hide.
Auka ordreinngang
Nyleg er også to nye ingeniørar starta i bedrifta – ein på stabilitetsavdelinga og ein på avdelinga for maskin- og rørsystem. Den eine av desse blei rekruttert gjennom Marin Teknikk sine kontor i Polen.
Bedrifta opplever aukande ordretilgang og har mange spennande prosjekter på gong, opplyser Svein-Rune Gjerde.
Marin Teknikk har i tillegg til hovudkontoret på Dragsund i Herøy, to eigne selskap i Polen, med kring 55 ansatte totalt.
Publisert: 10.11.2022 15:18
Sist oppdatert: 10.11.2022 15:59