Inge Jonny Hide Myklebust2
GÅR AV: Inge-Jonny Hide vart sjef for Myklebust Verft i 2017 og leia verftet frå å vere ein del av Kleven-konsernet til å bli eit frittståande selskap.
Nytt

Inge-Jonny Hide går av

Gir seg etter tap på brønnbåtbygging. Etterfølgjaren kjem frå Hav Group.

14.12.2021

I ei pressemelding tysdag fortel Myklebust Verft at Inge-Jonny Hide «vil fratre sin stilling som daglig leder».

Lars Conradi Andersen blir ny sjef. Han kjem frå stillinga som salsdirektør i Hav Design og skal byrje i den nye jobben i første kvartal 2022. Hide held fram som dagleg leier til Conradi Andersen tek over.

- Vi har hatt ein dialog om det og så har det vore styret sitt ønskje ut frå dei utfordringane vi nemner i pressemeldinga, seier styreleiar Per-Christian K. Lillebø til NETT NO om leiarskiftet.

Inge-Jonny Hide seier til NETT NO at merksemda hans er retta mot å arbeide for Myklebust Verft inntil Conradi Andersen er på plass, og viser ut over det til pressemeldinga.

Conradi Andersen er utdana ved Høgskulen i Ålesund. Han arbeidd i skipdesignselskapet Marinteknikk i 2008-2012, då han byrja i Havyard Ship Technology og har arbeidd i Havyard Group/Hav Group-systemet sidan. Han har vore styremedlem i Myklebust Verft sidan 2018.

Tøft i nybyggingsmarknaden
Om bakgrunnen for sjefskiftet skriv Myklebust Verft i pressemeldinga:

«Ettermarkedet og større ombygginger har hatt en fin utvikling og levert gode resultater under Hides ledelse. Nybyggingsmarkedet er mer krevende, der aktiviteten har vært preget av covid relaterte utfordringer, forsinkelser og negativ økonomisk utvikling. Som en følge av dette vil stafettpinnen på Myklebust gå videre til nye krefter. Styret i Myklebust vil takke Inge-Jonny for den store innsatsen han har lagt ned etter over 30 års ansettelse hos Myklebust og tidligere Kleven.»

Problem med innteninga på brønnbåtar
Styreleiar Per-Christian K. Lillebø vil ikkje talfeste kor store negativ økonomisk utvikling verftet har hatt, men seier vanskane er knytt til tre brønnbåtar verftet har under bygging og eitt som er levert tidlegare i år. Det er brønnbåtreiarlaget Sølvtrans som har bestilt båtane.

- Ein har hatt problem med innteninga på desse prosjekta, sier Lillebø til NETT NO.

I 2020 auka Myklebust Verft driftsinntektene frå 380 til 541 millionar kroner. Resultatet før skatt gjekk ned frå 24,6 til 4,8 millionar kroner.

Lars Conradi Andersen kopi 1
NY SJEF: Lars Conradi Andersen kjem frå Hav Design. Foto: Kjetil Haanes.

Myklebust Verft har i dag tre nybygg underbygging og det selskapet karakteriserer som ei "solid ordrebok" innan reparasjon, ombygging og vedlikehald.

Lillebø ønskjer ikkje å kommentere om det er aktuelt å hente inn meir eigenkapital til Myklebust Verft.

Myklebust var tidlegare ein del av Kleven-konsernet, men vart skilt ut i 2018.

Hurtigruten og tilknytte er største eigar av Myklebust med 38 prosent av aksjane, der Petter Stordalen-selskapet Strawberry Equites står for 7,9 prosent.

Andre store eigarar er Åge Remøy/Magnus Roth gjennom Inyard Invest med 19 prosent av aksjane, medan Annelise Kleven Godø og Kjersti Kleven eig 18 prosent gjennom selskapet John Kleven AS.

Publisert: 14.12.2021 09:32

Sist oppdatert: 14.12.2021 12:25

Mer om