Null resultat for Marin Teknikk
HERØY: Krevjande fjorår for Marin Teknikk og Svein Rune Gjerde. I år ser det litt lysare ut. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Smell for designselskap

Slit med utsette kontraktar, men ser litt lysning.

12.08.2022

Skipsdesignselskapet Marin Teknikk i Herøy reduserte inntektene frå 83,9 millionar kroner i 2020 til kun 37,2 millionar kroner i fjor. Sjølv om det vart kutta kostnader, enda resultatet før skatt på minus 4,9 millionar kroner, mot pluss 2,8 millionar året før.

Marin Teknikk
Årsresultat (i mill kr) 2021 2020
Driftsinntekter 37,2 83,9
Driftsresultat -10,1 -0,6
Resultat før skatt -4,9 2,8

Ny kontrakt
Styret viser i årsrapporten til at koronapandemien har ført til utsette kontraktar. Spesielt gjeld det oppdrag utanfor Norge. I 2020 hadde Marin Teknikk 70,3 millionar i inntekter utanfor Norge, i fjor berre 11,0 millionar.

Ordresituasjonen ved inngangen til 2022 var også mindre enn vanleg, men styret forventar betring gjennom året.

I samarbeid med Green Yard Kleven og brasilianske Oceanica fekk Marin Teknikk nyleg kontrakt på oppgradering av to PSV-ar.

15 færre årsverk
Av inntektene i fjor ligg også 2,6 millionar kroner i koronakompenasjon og 1,5 millionar kroner i andre offentlege tilskot.

Trass tapet i fjor, har selskapet ein solid eigenkapital på 53,9 millionar kroner. Den langsiktige gjelda var ved årsskiftet på 7,3 millionar.

Selskapet har hovudkontor i Dragsund i Herøy, men har dotterselskap i polske Gdansk og Sczcecin. Begge dei polske dotterselskapa gjekk i minus i fjor.

Marin Teknikk har gjennom året redusert talet på årsverk frå 48 til 33.

Marin Teknikk er eit familieeigd selskap der dagleg leiar Svein Rune Gjerde er hovedaksjonær med 55 prosent av aksjane. Richard Gjerde eig 15 prosent, Myrthle Gjerde 15 prosent og i tillegg eig Thomas, Mariette og Christian Wiik Gjerde i fellesskap 15 prosent.

Publisert: 12.08.2022 08:43

Sist oppdatert: 12.08.2022 09:11