Bjørn Aage Haugen
SKIFTE: Ut på vinteren kom det eit omslag og Bjørn Aage Haugen og kollegaene i Innvik-konsernet byrja å fylle opp ordreboka igjen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Historisk høg ordrereserve for Innvik

Oppsving etter tøft 2023 for møbeltekstilprodusenten. Tilset fleire folk.

14.06.2024

- Vi har aldri i historia hatt så mykje ordrar som vi har i dag, seier Innvik Holding-sjef og medeigar Bjørn Aage Haugen.

2023 blei ein nedtur for møbelstoffprodusenten i Innvik i Stryn (sjå tabell). Møbelbransjen fekk ein kraftig opptur under koronpandemien. Då brukte folk pengar dei ellers ville brukt på reiser til å pusse opp og kjøpe nye møblar. Den oppturen fekk også Innvik-konsernet vere med på, men i 2023 var oppturen over.

Konsernet lagar både møbelstoff og Sacco-sekken.

Innvik Holding as (konsern)
Tal i mil. kroner20232022
Driftsinntekt80,592,2
Driftsresultat6,28,4
Resultat før skatt4,16,8

Tok marknadsandelar
Ut på slutten av vinteren i år snudde det igjen, seier Haugen.

Han meiner Innvik-konsernet har tatt marknadsandelar under nedturen.

Grunnen er ny og meir miljøvennleg fabrikk, eit flisfyringsanlegg som gjer at selskapet no kan definere seg som eit CO2-utsleppsfritt selskap, kombinert med lansering av nye produkt. Summen av dette har gitt Innvik ein større del av marknaden, etter Haugen si vurdering.

I tillegg kjem ei generell betring i marknaden.

- Eit lite trendskifte i positiv retning, seier Haugen om endringa i marknaden.

Fleire folk
Innvik har ikkje permittert eller sagt opp folk under nedturen. No har konsernet omlag 50 tilsette og er på jakt etter fleire.

To nytilsette er på veg inn, og Haugen seier selskapet reknar med å tilsette fleire i produksjon ut over året.

Å få tak i faglærte tekstilarbeidarar er svært vanskeleg, ifølgje Haugen. Bedrifta satsar heller på å gi opplæringa sjølv og tilbyr tilsette å ta den naudsynte opplæringa for å få fagbrev medan dei er er i arbeid.

Konsernet har fire eigarar; Bjørn Aage Haugen, Olav Rune Haugen, Geir Haugen og Magne Tangen. Alle fire eig aksjane sine gjennom eigen investeringsselskap.

Publisert: 14.06.2024 10:38

Sist oppdatert: 14.06.2024 11:40

Mer om