Bjørn Aage Haugen Sacco sekk foto Ogne Sacco of Norway
MEST LØNSAM: Det er møbeltekstilproduksjon som er størst og viktigast for Bjørn Aage Haugen og dei andre aksjonærane i Innvik Holding, men det er Sacco-sekken (innfelt) som var mest lønsam i fjor. Foto: Ogne Øyehaug/Sacco of Norway.
Nytt

Koronaoppsving for 80-tals-ikon

2020 blei det beste året for Sacco-sekken så lenge Innvik Holding har hatt retten til det 53-år gamle møbelet.

21.04.2021

I koronaåret 2020 auka salet av Sacco-sekken frå 6,5 til 8,6 millionar kroner. Det er ny Sacco-sekk-rekord for Innvik Holding-selskapet Sacco of Norway, som kjøpte retten til møbelet frå Ekornes i 2008.

Ekornes ville frigjere produksjonskapasitet ved madrassfabrikken sin på Fetsund, og fann ein kjøpar i Innvik i Stryn. Ekornes hadde fått hand om retten til Sacco-sekkee gjennom eit svensk datterselskap, ifølgje NRK.

Bjørn Aage Haugen i Innvik Holding seier Sacco of Norway har vidareutvikla Sacco-sekken, med fleire fargar og storleikar. Selskapet har også utandørsversjonar av sekken.

Kjem frå Italia
Sekken blei utvikla av dei italienske designarane Cesare Paolini, Franco Teodoro og Piero Gatti og lansert i 1968.

Konstruksjonen er enkel, ein sekk full av små kuler i ekspandert polystyren.

I Noreg hadde sekken si første stordomstid på 80-talet.

Mest lønsam
Innvik Holding har fleire aksjonærar, med Bjørn Aage Haugen som største eigar.

I fjor var heileigde Sacco of Norway relativt det mest lønsame selskapet under Innvik Holding-paraplyen (sjå tabell).

Innvik as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter59,073,9
Driftsresultat3,27,5
Resultat før skatt2,36,6
Sacco of Norway as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter8,66,5
Driftsresultat1,40,6
Resultat før skatt1,40,6

Det klart største selskapet under Innvik Holding er møbeltekstilprodusenten Innvik, som har fabrikk og hovudkontor i Innvik. Innvik Holding eig 70 prosent i selskapet, resten av den danske tekstilprodusenten Kvadrat.

Investerer for vekst
I fjor sto fabrikken stille i omlag heile andre kvartal, på grunn av svikt i etterspørselen etter at koronaepidemien kom. Marknaden tok seg kraftig opp etter sommaren, men det var ikkje råd å ta att det tapte.

I fjor sa styret i det 131 år gamle selskapet ja til å utvide dagens fabrikkbygg frå 4200 til 5500 kvadrameter, og investere i nytt produksjonsutstyr.

I alt er det snakk om ei investering på 50 millionar kroner som skal gjere det råd å doble produksjonskapasiteten i fabrikken samanlikna med 2019.

Publisert: 21.04.2021 06:00

Sist oppdatert: 20.04.2021 23:45