Bjørn Aage Haugen
OPPTUR: 2020 blei tøft, men 2021 blei ein opptur for Innvik Holding-konsernet. Bjørn Aage Haugen er dagleg leiar og medeigar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Større no enn før korona

Hittil i år har møbeltekstilveveriet Innvik ein vekst på 20 prosent, og ligg over inntektsnivået før koronapandemien.

19.04.2022

Med 80 prosent eksportandel gjekk Innvik på ein smell då mange av kundane ute i Europa blei råka av konsekvensen av koroanpandemien i 2020.

Medan møbelbransjen i Noreg fekk ein opptur, vart ikkje 2020 eit godt år for mange av Innvik sine utanlandske kunder. Men i 2021 gjekk det oppover, og veksten har halde fram i år.

- Det ser veldig lovande ut, seier dagleg leiar og medeigar Bjørn Aage Haugen.

Frå 2019 til 2020 fall driftsinntektene til Innvik as, det største selskapet i Innvik Holding-konsernet, frå 74 til 59 millionar kroner. I fjor tok dei seg opp til 71 millionar kroner. Dersom veksten i 2022 held seg på same nivå som hittil i år vil Innvik ende med 85 millionar kroner i driftsinntekter.

Vekst på møbelsekk
Det andre produksjonsselskapet i Innvik-konsernet er Sacco of Norway, som lagar Sacco-sekken.

Sekken blei utvikla av dei italienske designarane Cesare Paolini, Franco Teodoro og Piero Gatti og lansert i 1968.

Konstruksjonen er enkel, ein sekk full av små kuler i ekspandert polystyren.

I Noreg hadde sekken si første stordomstid på 80-talet. Innvik kjøpte retten til sekken frå Ekornes i 2008, og har nesten dobla driftinntektene i Sacco of Norway sidan. I fjor selde selskapet over 20.000 Sacco-sekkar, og fekk ei driftsinntekt på 11,4 millionar kroner.

I dag er det 57 tilsette i Innvik og Sacco of Norway. Selskapet har auka arbeidsstokken, og dei førebels siste medarbeidarane ble tilsett rett før påske.

Utvidar
I 2020 sa styret i det 132 år gamle selskapet ja til å utvide dagens fabrikkbygg frå 4200 til 5500 kvadrameter, og å investere i nytt produksjonsutstyr.

I alt er det snakk om ei investering på 50 millionar kroner som skal gjere det råd å doble produksjonskapasiteten i fabrikken samanlikna med 2019.

Med i den investeringa er eit biobrenselsanlegg og ny tilkomstveg. Begge deler er under bygging, og planen er å startet utvidinga av fabrikkbygget i andre kvartal i år.

Innvik Holding as (konsern)
Tal i mill. kroner20212020
Driftsinntekt101,080,2
Driftsresultat12,28,3
Resultat før skatt11,56,7

Publisert: 19.04.2022 05:00

Sist oppdatert: 18.04.2022 22:26

Mer om