Hofseth-selskap slepp å betale i advokatkrangel
Lagmannsretten kom til anna resultat enn tingretten.
Frostating lagmannsrett har kome med ein anna konklusjon enn tingretten i striden mellom Hofseth-selskapet Seafood Farmers of Norway og advokatfirmaet Ja Invest (tidlegare Advocator Advokatfirma).
Det melder Sunnmørsposten.
Tapte i tingretten
Seafood Farmers of Norway tapte saka I Møre og Romsdaltingrett og blei dømt til å betale tilbake 400.000 kroner, som retten meinte var feilaktig erstatningsutbetaling.
No får selskapet behalde erstatningssummen og slepp å betale sakskostnadene til motparten, ifølgje avisa.
Får ikkje dekka sakskostnader
Lagmannsretten
påpeiker samtidig at Seafood Farmers of Norway ikkje burde teke ut
søksmål, og at deira handtering har bidrege til tvisten.
Ifølgje dommen har ingen av partane vunne fram fullstendig, og må difor betale sakskostnadene sjølv.
Publisert: 08.09.2022 23:44
Sist oppdatert: 08.09.2022 23:54