Hofseth international Raudbergvika montasje roger foto marius 11
VERDAS 3. STØRSTE: Roger Hofseth planlegg ein produksjon på kring 100.000 tonn årleg når anlegget i Storfjorden er ferdig utbygd. Det blir i tilfelle verdas 3. største anlegg, påpeiker han - ikkje det nest største, slik Statsforvaltaren skreiv i sitt høyringssvar. Foto: Marius Rosbach .
Nytt

Hofseth: – Vil oppklare misforståingar

I møte med statsforvaltaren – vil legge fram meir dokumentasjon.

Marius Rosbach
31.08.2021

Hofseth International-sjef Roger Hofseth var tysdag i møte med Statsforvaltaren om planane for landbasert lakseoppdrett i gruvehallane ved Raudbergvika i Storfjorden.

Statsforvalteren i Møre og Romsdal har uttala seg svært kritisk til slik verksemd tett på verdsarvfjorden. Spesielt er dei uroa for store utslepp av fiskeslam.

Vil kome tilbake med meir dokumentasjon
– Vi vil oppklare misforståingar i meir dokumentasjon. Dette vil bli offentleg seinare, opplyser Roger Hofseth i ein e-post til NETT NO.

Han svarar ikkje på spørsmål om kva misforståingar det blir sikta til, og viser elles til eit intervju med Sunnmørsposten. Til avisa fortel Hofseth at selskapet delar Statsforvaltaren si omsorg for Storfjorden, og at han synest det er bra at det blir stilt spørsmål.

– Vi er likevel ueinige i konklusjonane som blir trekt i høyringssvaret, seier han til avisa.

Vil bruke opp att fiskeslammet
NETT NO har fleire gonger tidlegare omtala planane. Seinast for eit par veker sidan, fortalde Roger Hofseth om planane på ein båttur med ungdomspolitikarar.

Då trekte han fram at dei ville bruke opp att fiskeslammet ved anlegget i Raudbergvika.

– Tanken er at vi samlar opp slammet frå fisken, slik at vi kan nytte det til å produsere biogass, som vi kan nytte om dagen når kraftprisane er høge, forklara Hofseth då.

Det kan gi ei innsparing på straumutgiftene med kring 20, håpar han. Hofseth har også tankar om korleis biogassen kan nyttast til å lage hydrogen som trengs til å drive båtane, og oksygen som trengst i fiskeproduksjonen.

Podium

E12/S2 Arne Nore og Roger Hofseth - historia og framtida til norsk oppdrettsnæring.

Publisert: 31.08.2021 13:20

Sist oppdatert: 06.09.2022 14:46

Mer om